Fleirtalet er positive til større kommunar

Aller mest positive er dei eldste og dei med høgast utdanning, viser ei ny undersøking.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleirtalet er positive

Undersøkinga er utført av Respons Analyse på oppdrag frå Akademikerne.

Fleirtalet i både bykommunar og landkommunar er positive til større kommunar, men motstanden er større i landkommunar. Der er 35 prosent negative til større kommunar, mot 30 prosent i bykommunane.

LES OGSÅ: Vil halde på bygda med kommunesamanslåing

Høgt utdanna meir positive
– Eg er glad for at folk ser at det er gode grunner for at norske kommunar skal bli større. Det vil gi sterkare fagmiljø i kommunane og dermed betre velferdstenester, seier leiar Knut Aarbakke i Akademikerne.

Støtta til større kommunar aukar med alderen og utdanninga. 43 prosent av dei yngste i undersøkinga er positivt innstilt, medan delen stig til 62 prosent for dei over 59 år. Blant folk utan høgare utdanning er 46 prosent positivt innstilte, medan 62 prosent av dei som har over treårig høgare utdanning er positive.

Regjeringa har varsla ei omfattande reform for dei 428 kommunane vi har i dag innan 2017. Kommunane har frist på seg til våren 2016 til å fatte vedtak om samanslåing. (©NPK)

LES OGSÅ: Språkomsyn må på plass