Mange unge har farlege rusvanar
Éin av fem ungdommar i Hordaland har ein rusbruk som kan indikere begynnande rusproblem, ifølgje ei ny undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Éin av ti har prøvd ulovlege stoff
Rusbruken kjem fram i ein artikkel frå ung@hordaland-studien, skriv Bergens Tidende.
I alt 10.000 ungdommar mellom 17 og 19 år er blant anna spurt om dei har vakna opp utan å hugse noko og om dei har brukt rusmiddel for å roe seg ned.
LES OGSÅ: Slutt på fyll etter portforbod
Tidleg krøkast
– På lang sikt veit vi at ungdom som etablerer ein tidleg problematisk rusbruk, har større tendens til å få problem med rusmiddel seinare i livet og utvikle ruslidingar, seier Jens Christoffer Skogen ved Folkehelseinstituttet og Kompetansesenter for rusmiddelforsking i Helse vest til avisa.
Ungdommane som viste teikn til begynnande rusproblem, hadde i tillegg fleire symptom på hyperaktivitet, depresjon og angst enn dei andre ungdommane, ifølgje avisa. (©NPK)
LES OGSÅ: Mindre rus, meir stress