Dokumentasjon av ein generasjon

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange som veks opp i Noreg i dag er ikkje kjende med anna enn livet i eit trygt og rikt samfunn. Her er det greitt å leva i ein tilstand av forlengd ungdomstid, og sjølvrealisering er viktig. Men me ser at alle har sitt å stri med likevel, anten det er kjærleikssorg, tapet av ein bror, mobbing eller noko anna, seier Lars Andreas Ellingsgard Øverli.

22. juli 2011 sette påverka ein heil nasjon. Ikkje minst vart ungdommen hardt råka. I kjølvatnet av tragedien sette Øverli og fotojournalist-kollegaene i reportasjebyrået Paragon Features seg eit ambisiøst mål – dei ville portrettera heile dagens norske ungdomsgenerasjon.

LES OGSÅ: Ungdomsreformen

Generasjon mangfald
I drygt halvtanna år reiste dei Noreg på kryss og tvers, møtte ungdommar i deira eigne miljø og tok seg god tid til å verta kjende med dei. Somme hadde eigne historier knytte til terroråtaket på Utøya å fortelja. Dei fleste hadde likevel ikkje inga særleg tilknyting til det som hende. Felles for dei alle er at dei er representantar for dagens norske ungdomsgenerasjon.

Resultatet vart boka Fra ungdommen, som kom ut i september, og ein serie minidokumentarar som kan sjåast på nett.

Er det mogleg å koka ein heil generasjon, tusenvis av menneske, ned til ein enkel karakteristikk? Mange er iallfall villige til å prøva. Merkelappar som «generasjon lydig», «generasjon perfekt» og «generasjon prestasjon» vert ofte klistra på dei unge.

– Me er opptekne av ikkje å setja ungdomane i boks. Om me skal kalla ungdomsgenerasjonen noko, må det verta generasjon mangfald. Dei er på nett og finn gjerne fellesskap på den andre sida av jorda i staden for i lokalsamfunnet. Samstundes har mange kome til Noreg frå heilt andre stader i verda, seier han.

Lang på veg reflekterer karakteristikkane likevel dei konklusjonane forskarane trekkjer om ungdommen. Tala frå undersøkinga Ungdata 2013, som Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) la fram i august, viste at ungdom i alderen 13– 16 år er godt nøgde med foreldra sine, trivst på skulen og har gode vener, medan dei i mindre grad enn før skulkar, drikk og gjer hærverk.

Dokumentasjon2

Kristian er fiskar, nett som faren. Han meiner ting er best slik dei alltid har vore, og vil ikkje ha noko med korkje turistar, papirflyttarar eller olabukser å gjera. FOTO: Paragon Features

LES OGSÅ: Sjukt lite likestilt

Ikkje like lyst bak fasaden
Historiene som vert fortalde i Fra Ungdommen gjev på si side eit inntrykk av at svært mange unge kjenner seg utanfor og misforståtte.

– Dei fleste av oss presenterer ein slags fasade av overflatiske ting når me møter nye folk. Det som verkeleg definerer oss som menneske, slik som familiesituasjon, kropp eller sex, held me derimot for oss sjølve. Dermed endar mange med å kjenna seg utanfor, meiner han.

Også forskarane kan fortelja at bak fasaden er det stundom mørkt. Mange har skyhøge forventingar til seg sjølve når det gjeld både karakterar, kropp og sosialt liv. Fallhøgda er stor, og Ungdata 2013 synte at heile ei av fire jenter i tiande klasse slit med symptom på depresjon. Tal frå NTNU viser dessutan at ein av seks elevar i den vidaregåande skulen har sjølvmordstankar.

Øverli meiner ungdommane handterer utanforskapen på ulike vis.

– Somme av dei me møtte søkjer fellesskap, medan andre dyrkar utanforskapen, seier han. Som døme på ytterpunkta trekkjer han fram jenta som deler interessa for pastellfarga Lolita-mote med internett-vener i Japan og fiskaren som gir faen og stemplar alt nytt som ubrukeleg, han vil ikkje ha noko med det å gjera.

Dokumentasjon3

Stadig færre unge røykjer. I Odda er Hans Edvard og kompisen likevel ikkje framande for å ta ein blås. FOTO: Paragon Features

LES OGSÅ: Ungdommar er meir åleine

Spor av historie
Kultur og tradisjonar frå land langt vekke pregar mange unge nordmenn i ei globalisert og digital verd. Samstundes har generasjonsportrettør Øverli på den lange rundreisa i Noreg òg merka seg at også lokal kultur og historie der dei veks opp framleis pregar ungdommen:

 – Noreg er eit veldig samansett land. Det er ikkje så mange som bur her, men skilnadene mellom ulike stader er store. Me prøvde å unngå å fortelja klisjéhistorier, men fleire gonger vart forventningane våre stadfesta, snarare enn avkrefta. I Karasjok er folk rett og slett veldig opptekne av reindrift og samisk kultur. I Mandal er religion viktig for mange. I den gamle industribygda Odda legg folk stor vekt på fellesskap og solidaritet.

LES OGSÅ: Studie: Éin av seks unge har sjølvmordstankar