Røkke og 19-åring rikast i landet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er dei rikaste

På andreplass på lista over dei rikaste i landet finn vi nemleg dottera til industri- og finansmannen Johan H. Andresen, 19 år gamle Katharina Gamlemshaug Andresen, som står oppført med 4,6 milliardar i formue.

Næringslivstoppen Trond Mohn kjem på plassen bak med 4,5 milliardar. Sonen Fredrik Wilhelm Mohn har 4,3 milliardar, medan Svein Støle har 4,1 milliardar i formue.

LES OGSÅ: Leiarskuggane

Fallet til Thon
Eigedomskongen Olav Thon, som toppa rikinglista i skatteåret 2012, ligg no nede på 26. plass med 1,1 milliardar kroner i formue – 8,8 milliardar mindre enn på same tid i fjor. Årsaka til fallet er at Thon i fjor overførte store delar av formuen sin til ei stifting, skriv VG. Thon betalte over 124 millionar kroner i skatt til Hole kommune i Buskerud, men bidrog i fjor med snaue 31 millionar, altså eit kraftig inntektstap for kommunen.

LES OGSÅ: – Kvinner må delta i leiarposisjonar

Kraftinvestor tente mest
Ser ein på kven som tente mest i fjor, er det kraftinvestoren Einar Aas i Grimstad kommune som toppar lønnslista, med 313,7 millionar. Trond Mohn tente 304 millionar, medan forretningsmannen Terje Tom Høili tente 238 millionar.

Både Røkke og 19 år gamle Andresen står oppført med null kroner i inntekt i likningsåret 2013.

Mest skatt var det Trond Mohn som betalte. Han betalte inn 135,5 millionar kroner til fellesskapet i 2013, medan Røkke ikkje ligg så langt bak med dryge 130 millionar. Aas betalte rett i overkant av 100 millionar i skatt.