16-åringane skal stemma i Eid

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur det betyr mykje for lokalsamfunnet at ungdom ikkje berre sit på sidelinja og kjem med innspel når det passar for vaksne, men at dei er med i lokaldemokratiet på linje med andre, seier Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid. Kommunen skal vera med på eit forsøk med stemmerett for 16- og 17-åringar som ein av tjue kommunar til neste år.

Ordføraren er begeistra for at Eid skal vera med på prosjektet, som til neste år blir gjennomført for andre gong. Eid fekk plassen til Gol, som først vart trekt ut til å vera med, men som seinare har vedteke i kommunestyret at dei ikkje vil vera med likevel.

LES OGSÅ: Visste ikkje at dei skal stemma

Hoppa i det
Ordførar i Gol, Halvor Lilleslett (V), har tidlegare fortalt at han er begeistra for forsøket med stemmerett for 16- og 17-åringar. Då han sendte inn søknad før kommunestyret hadde gjort eit vedtak, vart han overraska over å få motstand frå ungdomsrådet i kommunen. No, når Kommunestyret har gitt sitt endelege nei, er han skuffa.

– Det er synd om Gol kommunestyre ikkje vil vera med på eit forsøk som kan auka interessa i lokaldemokrati. Det er langt mellom dei unge listekandidatane. Svært få av dei unge blir medlem i kommunestyret. Forsøket i 2011 viste at dette gjorde store utslag for engasjementet i aldersgruppa i 18-26 år. Dette kunne gitt ei oppblomstring for det politiske arbeidet her i Gol, seier Lilleslett.

Han viser til Ålesund og Stavanger, der opp mot 20 prosent av kommunestyret er under 25 år.

– Eg stiller meg spørsmålet om partia som utgjorde fleirtalet faktisk er bekymra for at ungdom skal ta over listene, og at dei som tradisjonelt styrer difor vil mista makta.

I alt er han glad på Eid sine vegne, og var på veg til å senda gratulasjonsmail til Eid-ordføraren Alfred Bjørlo.

– Eg unnar Eid dette, det er kjempebra for dei. Eg skulle gjerne hatt forsøket her sjølv, seier Lilleslett.

LES OGSÅ: Ikkje alle vil ha stemmerett

Vil matcha Luster
I Eid var det ungdomsrådet sjølv som foreslo å søka om å vera med på prosjektet, fortel Alfred Bjørlo.

– Her har me eit aktivt ungdomsmiljø og engasjert ungdom. Eg trur dette er veldig positivt, seier han.

Han torer ikkje å komma med spådommar om valoppslutninga, men han har ein anna kommune i Sogn og Fjordane å måla seg etter. Luster kommune, som var med sist gong og er med igjen, hadde sist ei oppslutning på 82,2 prosent.

– Det viser i alle fall at det er mogleg å få det til, seier Bjørlo.

LES OGSÅ: Ungdomsreformen