Dei glade 1660-åra

Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den engelske dagboksskrivaren Samuel Pepys er eit viktig unnatak: Samstundes som han gjev oss unik historisk innsikt, provar han for oss i dag Sigrid Undsets kjende ord: “Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager.”

Pepys (uttalast som “peeps”) levde frå 1633 til 1703, og skreiv i perioden 1660 til 1669 det verket som på norsk har vorte heitande Mi hemmelege dagbok. Hemmeleg var ho i sanning, knapt nokon i samtida visste at han førde ei dagbok, for han skreiv henne i største løyndom og dertil i kodar. Det måtte til, for jamvel om dagboksskrivaren var ein framifrå byråkrat i den britiske sjøfartsadministrasjonen, som betre enn dei fleste meistra tørr kansellistil, var dagboka hans sprengstoff. Korkje Pepys’ kone eller den breiare offentlegheita kunne få kloa i dette verket!

Han er ingen prektig kar, mannen og kronikøren Pepys, jamvel om han stadig avanserer på den sosiale rangstigen i City, den sentrale delen av London som på 1600-talet låg innom bymuren på nordsida av Themsen, skjerma for fattigdommen og elendet på utsida og på sørsida av elva. Han er ærekjær som fåe, svermar for høgare herrar og fnys av dei som står lægre enn seg, men sladrar på det grøvste om alle i hop, frå sjølvaste kongen like til sine eigne tenestejenter. Nokså avslørande er det at han stadig reknar over pengane sine, og formeleg frygdar seg når formuen syner seg å ha auka med så og så mange pund, shilling, pence. Sjølvsagt passar han på å takke Gud for den lykka han opplever, men eit par dagar etter kan han nemne eit daudsfall, og skrive rett ut at dette er gledeleg fordi han kjem til å tene pengar på det. Etter som makta hans aukar får han oftare og oftare gåver frå medborgarar som han utfører ymse tenester for; dei kalla det tydelegvis ikkje korrupsjon den gongen. Men det er langt frå gjeve at han blir nøgd med gåvene han mottek, ofte sender han gjenstanden attende viss han synst det er ei uverdig gåve. Han er ein gift mann, men det ser ikkje ut til å tøyme han korkje på det eine eller andre viset: Han skriv stadig om diverse andre kvinner han er svært nøgd med å få kysse og ta på brysta – blir det endå grøvre kjem latinske frasar i bruk … Det kostar han riktig nok visse heftige kranglar med kona, der alle moglege skjellsord haglar før dei plutseleg igjen er forsona. Han spyttar ikkje i glaset heller, Pepys, på ærverdige vertshus som Bikkja, Bjørnen og Djevelen. Når han ein sundagskveld i september har drukke tri-fire flasker vin og ete over to hundre valnøtter med Chaplin, Osborne og Daniel, og kjem heim til kona og spyr i senga, skuldar han vel å merkje på valnøttene.         

Alt dette trivielle kunne sjølvsagt vorte smått trøyttande over ti år og mange hundre sider, om det ikkje var for dei dramatiske hendingane som utspelar seg parallelt, og som sikrar Pepys ein sentral plass i ei større historie: Tida då han skreiv dagboka, var den såkalla restaurasjonen, då England etter borgarkrig og ei påfylgjande tid som republikk, gjeninnførde monarkiet under Karl II. Som sjøfartsbyråkrat vart Pepys stadig påverka av den andre anglo-nederlandske krigen, ein konflikt om handelshegemoni som i stor grad utspela seg til sjøs, mellom England på den eine sida og Dei foreina Nederlanda og Danmark-Noreg på hi. Som London-borgar vart Pepys vitne til den gruvsame byllepesta som herja i storbyen i 1665, for ikkje å nemne den store bybrannen i 1666, som kom farleg nær Pepys’ eige hus i den austlege delen av City. Alt dette er levande skildra i dagboka. Det som gjer sterkast inntrykk er kanskje likevel all den offentlege, openlyse brutaliteten: Dei som er heltar i samfunnet den eine dagen, kan dagen etter vera forrædarar og oppviglarar og bli hengde for det, eventuelt bli lagde på hjul og stegl i tillegg. Menneske som allereie er daude kan òg falle i unåde, bli gravne opp frå vigsla graver, hengde opp ei tid og gravne ned på nytt i vanheilag jord. Slike syner nemner Pepys stadig at han har sett, men i neste augneblinken sit han og gaflar i seg ein viltpostei med éi hand, drikk eit staup sekt med den andre – akkurat slik vi sjølve ser dei gyselegaste ting på fjernsynet kvar bidige dag, og likevel søv riktig godt om nettene.

Hadde nokon i samtida hans fått Pepys’ hemmelege dagbok i hende, og sett alt det sjikanøse han skreiv der, ville han kanskje hamna i galgen sjølv. Det tok 150 år etter at hovudpersonen var daud før verket vart omsett og publisert, og truleg var det moralsk riktig med ein såpass lang klausulert periode for sensitivt materiale som dette. Framleis kan det hende Pepys snur seg i grava ved tanken på at folk driv og snokar i privatlivet hans, så vi bør lesa og le med ei viss ærefrykt: Det er stort å kunne koma så tett på ei fjern tid og fortidige menneske som vi gjer gjennom dette verket. Dei avlidne var ikkje mindre levande enn vi er no.

Først publisert på Magasinett.