Syklistar er hovudfienden for bilistar
Det viser ei ny undersøking. Verken trailersjåførar, motorsyklistar eller taxi- og yrkessjåførar når opp til syklistane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Likar ikkje syklistane
31 prosent av dei spurde svarar syklistar når dei blir spurt om kva gruppe i trafikken dei meiner forårsakar flest farlege situasjonar, skriv VG.
Undersøkinga er utført av Respons Analyse for DNB. Dei er overraska over at så mange svarar at syklistar skaper farlege situasjonar.
LES OGSÅ: – Syklistar har rett på vegbana
– Mangel på gode sykkelstiar kan vere noko av forklaringa, men det er samtidig ei kjensgjerning at konfliktnivået mellom bilistar og syklistar har komme til kokepunktet, seier skadeleiar Anne Stine Eger Mollestad i DNB Skadeforsikring.
Ifølgje Transportøkonomisk institutt ligg syklistane midt på treet som trafikantgruppe med tanke på ulykkesrisiko målt i talet på skadde og drepne per køyrde kilometer.(©NPK)
LES OGSÅ: Vil redda unge liv i trafikken