Regjeringa har sett av nærare 400 millionar kroner til kommunar i vekst i forslaget til statsbudsjett. Til saman 68 kommunar vil nyte godt av tilskotet.

(NPK-NTB-Mats Rønning):
(NPK-NTB-Mats Rønning):

I Kommuneproposisjonen for 2015 varsla regjeringa at veksttilskotet skulle aukast til 340 millionar kroner frå 60 millionar kroner i dag og komme 50 kommunar til del.

No viser det seg at auken blir endå større, nærare bestemt 393 millionar kroner, ifølgje regjeringas forslag til statsbudsjett.

LES OGSÅ: Førde vil bli nynorskbyen

Frp-glede

– Under behandlinga av kommuneproposisjonen i Stortinget tok eg til orde for å utvide ordninga til å omfatte fleire kommunar. Eg er glad for at regjeringa no følgjer opp dette slik vi kan sikre eit betre velferdstilbod for innbyggjarane i vekstkommunane, seier Framstegspartiets Helge André Njåstad til NTB.

Senterpartiet er kritisk til auke i veksttilskotet fordi det er kommunar med låg vekst og befolkningsnedgang som må betale prisen. Saman med SV foreslo Senterpartiet før sommaren at auken måtte finansierast av auka overføringar til kommunane.

LES OGSÅ: Semje om kommunereforma

– På same nivå
Framstegspartiet avviser at forslaget inneber ei dramatisk omfordeling av midlar frå små til store kommunar.

– Innbyggjartilskotet blir ikkje redusert, og kommuneopplegget i sin heilskap er på linje med gjennomsnittet sidan 2008, og vel så det, seier Njåstad.

Leiaren i Stortingets kommunalkomité meiner det er heilt avgjerande å styrke det økonomiske handlingsrommet til kommunar som opplever kraftig tilflytting.

– Dette er kommunar med stor gjeld og store investeringsbehov som følgje av eit stort og aukande behov for skule- og barnehageplassar, seier Njåstad. (©NPK)

LES OGSÅ: Her er Noregs dyraste kommune

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

ANNONSE