Av all næringsverksemd som vart starta på Sunnmøre i åra 1818 til 1940, stod haugianarar bak 68,7 prosent av etableringane.

Rune Sæbønes, Møre-Nytt
Rune Sæbønes, Møre-Nytt

 Saka vart først publisert i Møre-Nytt

Det fortalde økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten på kveldssetet i Svendsengarden torsdag.

Då inviterte jubileumsnemnda for Ørsta kyrkje 150 år til ein kveld der teamet var Hans Nielsen Hauge og haugianarane sin påverknad i sunnmørsk næringsliv.

Grytten har forska på emnet, og er ikkje i tvil om at Nielsen Hauge og haugianarane var heilt avgjerande for framveksten av næringslivet langs kysten.

– Jens Ekornes sa at «Næringslivet på Sunnmøre vart skapt på bedehusa». Det har han rett i, sa Grytten.

Han peika på fleire sentrale industrinamn på Sunnmøre, der desse var haugianarar eller hadde var sterkt påverka av Hauge.

– Det er namn som Nils Devold og O.A. Devold, Webjørn Svendsen, Aarflot-familien, Peter I. Langlo, Peter Møller og Jens Ekornes. Vi veit at Kleven- og Ulstein-familiane har vorte påverka av haugianarane, og den mest kjende haugianaren i sunnmørsk næringsliv i dag er Per Sævik i Havila-selskapet, sa Grytten.

Hans Nielsen Hauge verka på slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet. Mest kjend er Hauge for å byggje opp bedehusrørsla. Han var inspirert av den puritanske rørsla ute i Europa.

LES OGSÅ: Ferjefritt og frykteleg dyrt

Entreprenørskap
Men Hauge sitt virka handla berre ikkje om å folkeleggjere kristendommen, det handla også om entreprenørskap.

– Denne rørsla har vorte kalla velferdsstaten si mor. Den tyske sosiologen Max Weber har påvist korleis protestantiske område i Europa vart rikare enn dei katolske. Hans Nielsen Hauge var ein del av denne internasjonale protestantiske bølgja. Han har truleg lest Adam Smith, grunnleggjaren av det moderne økonomifaget. Han var ein lekpredikant, men også ein folkeopplysar, handelsmann, bankmann, skipsreiar og investor. Og så må vil vel også nemne at han selde brennevin, fortale Grytten.

Faktisk var Hans Nielsen Hauge den viktigaste private bankmannen i Noreg i åra 1801 til 1804 – då han vart arrestert og fengsla.

Han fekk tak i folk i rørsla hans, og overtala desse til å flytta til kystområda for å starte ymse typar verksemd.

– Det var altså ikkje sunnmøringane sjølve som starta verksemdene, men folk som Hauge leit på, og som han fekk til å flytte på seg frå andre område, fortalde Grytten.

Grytten var oppteken av å få fram motivasjonen til forretningsmannen Hauge og alle dei i hauginarrørsla som stod fram som entreprenørar.

– Motivasjonen var bibelsk grunngjeve. Det handla om at dei hadde eit forvaltaransvar gjeve av Gud. Denne formuleringa brukte Hauge, og seinare også folk som Jens Ekornes, fortalde Grytten.

Han påpeika også at haugianarane var sosialt engasjerte, og mellom anna hadde ein heilt annan lønspolitikk enn andre industribyggjarar.

– Likelønn var eit sentralt omgrep for dei, og dette ser vi att i statistikkane for bustadprisane. I 1900 var industriarbeidarbustadene i Noreg generelt på fem prosent av verdien til industrieigarane. I område der haugianarane stod bak industrien og næringsverksemdene, var bustadverdien til dei tilsette på femti prosent av verdien til eigarane, fortalde Grytten.

På kveldssetet i Svendsengarden fortalde Gunnar Ellingsen om Webjørn Svendsen og hans virke i Ørsta, og korleis han etablerte seg i Svendsengarden, der kveldssetet ikkje tilfeldig vart halde.

LES OGSÅ: Rebelsk på Sunnmøre

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE