Noregs nei til 2022-OL i Oslo vert hylla i den danske storavisa Berlingske Tidende.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Det skriv 100 % Sport. Onsdag vart OL-prosjektet skrinlagd etter at Oslo kommune trekte søknaden på grunn av manglande stønad både i folket og i det politiske miljøet.

Sportsredaktør i Berlingske Tidende, Benjamin Mund Lund, meiner Norges nei til OL er viktig i kampen mot IOKs pampevelde.

LES OGSÅ: Kroken på døra for vinter-OL i Oslo i 2022

– Dei har sagt frå om ein sjuk kultur og IOKs vanvitige pampekrav. Nordmennene har med sjølvforståinga si og sjølvrespekten sin sterkt og tydeleg vist for alle kva som er riktig og gale, skriv Lund i ein kommentarartikkel.

Han legg til at Noreg har bidrege til å «blotta IOK-pampeveldets vanvit» og at «ein må til Kina og Kasakhstan for å finna politikarar som sluker den store OL-pakken».

Lund er samstundes kritisk til rolla Danmarks kronprins Frederik har i Den internasjonale olympiske komiteen (IOK). Kronprinsen har vore IOK-medlem sidan 2009.

– Han er biletet på den danske flørten med den olympiske rørsla, skriv sportsredaktøren.

LES OGSÅ: 15 timar med smerte

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE