Dei siste elleve månadene har 484 asylbarn vorte tvangssendte ut av landet saman med familiane sine. Det er 162 fleire enn dei siste elleve månadene under raudgrønt styre.

(NPK-NTB-Hans Cosson-Eide og Per Helge Berg):
(NPK-NTB-Hans Cosson-Eide og Per Helge Berg):

Samarbeidsavtalen mellom dei borgarlege partia skulle føre til ei løysing for dei lengeverande asylbarna, men tala som Klassekampen har fått frå Politiets utlendingseining (PU), viser ei anna historie.

LES OGSÅ: Berre kvart sjette asylbarn får bli

Tvangsreturnert
Eingongsløysinga som vart presentert i samarbeidsavtalen skulle omfatte rundt 170 barn, men mange barn er ikkje tekne med fordi dei vart tvangsreturnert før dei fekk prøvd saka si.

Generalsekretær Ann-Magrit Austenås i Norsk organisasjon for asylsøkjarar (Noas) seier at fleire familiar blir sende ut av landet samtidig som omgjeringskrava deira blir sende til Utlendingsnemnda.

– Noas ser berre Frps ansikt i denne avtalen. Det er berre returdelen som har fått ressursar. PU får stadig høgare måltal for uttransportering, medan det blir kutta i ressursane til saksbehandling i UDI og Utlendingsnemnda, seier Austenå.

LES OGSÅ: – Noreg må ta vare på desse menneska

– Støttepartia ser på
Stortingsrepresentant Karin Andersen (SV) trur regjeringa har sett opp tempoet for å få flest mogleg ut før nytt regelverk trer i kraft.

– Korleis Venstre og KrF kan sitje roleg å sjå på dette, er umogleg å forstå. Dei lova å få til betring, men det har jo blitt verre. No må dei sette ned foten og stoppe regjeringa. Dei er trass alt ansvarlege for at dei får sitje, og dei har ein avtale som skulle gje fleire lengeverande barn opphald, seier ho til NTB.

Innvandringspolitisk talsperson Geir Sigbjørn Toskedal i KrF opplyser at dei no diskuterer med Venstre kva dei skal gjere med saka.

– Vi er klare over dei høge returtala. Nesten kvar veke får eg rapportar som eg synest er vanskeleg å takle, seier han til Klassekampen.

LES OGSÅ: KrFU vil ta i mot 5000 ekstra flyktningar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55
ANNONSE