Trøytt bak rattet? – Ikkje ty til musikk!

Ny forsking viser kva som hjelper sjåførar å halda seg vakne.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trøytt bak rattet? - Ikkje ty til musikk

Tidlegare forsking har vist at koffeinhaldig drikke og musikk er ein populær måte å halda seg vaken bak rattet. Men veldig lite forsking har sjekka kva som verkar.

Forskarane ShiXu Liu, Shengji Yao og Allan Spence ved McMaster University i USA fekk 20 sjåførarar til å køyra to timar kvar dag på same klokkeslett i tre dagar. Eine dagen med koffeinhaldig drikke, den andre dagen med musikk og ein dag utan noko stimuli. For kvar dag spurte dei kor trøytte sjåførane kjente seg.

LES OGSÅ: Kan bli slutt på god kaffi

Resultatet viser at sjåførane kjente seg minst trøytte når dei anten fekk spela musikk eller drikka koffeinhaldig drikke. Men forskarane fann likevel at dei som drakk koffeinhaldig drikke var betre til å køyra, enn dei som ikkje brukte musikk.

– Sjølv om både koffein og musikk fekk sjåførane til kjenna seg meir vakne, hjelpte koffein også sjåførane til å halda på gode køyreeigenskapar. På den andre sida kan musikk distrahera sjåførane, seier Liu, ifølgje ScienceDaily.

I ei australsk undersøking frå 2013 blant langdistansesjåførar, viser at sjåførar som drikk kaffi har mindre risiko for å hamna i trafikkulukker. Pausar og nok kvile er også viktig for å unngå ulukker.

LES OGSÅ: Kaffi får fart på minnet