Kroken på døra for vinter-OL i Oslo i 2022

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kroken på døra for Oslo-OL

– Gruppa var delt omtrent på midten, seier parlamentarisk leiar Trond Helleland etter eit gruppemøte som gjekk over halvannan time over tida onsdag ettermiddag.

– No reknar eg med at regjeringa ikkje vil gå vidare og tilrå statsgaranti, seier Helleland og får støtte frå sin eigen statsminister.

– Måtte hatt brei støtte
– Eg sa tidleg i prosessen at det er viktig med brei støtte. Det er ikkje til stades, seier Erna Solberg (H) etter at vedtaket til stortingsgruppa blei kjent.

– OL hadde vore kjempeflott og gøy, men det må vere noko folket ønskjer. Vi har også mykje anna å bruke pengane på. Hadde det vore Lillehammer-stemning, ville det vore rett å gå vidare.

Partifelle og kulturminister Thorhild Widvey seier også at det ikkje er grunnlag for å gå vidare med så stor motstand. Også regjeringspartnar Framstegspartiet sluttar seg til det synet.

– Saka bør vere ute av verda. Det vil vere umogleg for regjeringa å gå vidare med dette no, seier parlamentarisk Harald Tom Nesvik i Frp.

Oslo kommune stoppar OL-arbeidet
Det gjekk ikkje mange minutta frå gruppemøtet til Høgre var over, til Oslo kommune kunngjorde at dei trekkjer søknaden om statsgaranti og statstilskot. Kommunen meiner det ikkje lenger er ei realistisk moglegheit for at Stortinget vil gå inn for eit Oslo-OL i 2022.

– Oslo2022 er eit prosjekt som har hatt overveldande støtte i Oslo bystyre og som har fått tilslutning av befolkninga i byen gjennom den lokale folkeavstemminga i 2013. Eg hadde håpt på eit anna resultat i kveld og er sjølvsagt skuffa, seier byrådsleiar Stian Berger Røsland.

Glad nei-mann
Høgres mest profilerte OL-motstandar på Stortinget, Arve Kambe, er letta etter at synet hans på OL vann fram i stortingsgruppa.

– Eg er stolt og glad over Høgre. Det er hyggjeleg å sjå at det langsiktige arbeidet har ført fram, seier han i ein kommentar til NTB.

Før møtet sa han at det var fleire som hadde skifta standpunkt frå ja til nei. Han er ikkje overraska over at det gjekk som det gjekk.

– I går hadde eg vore det, i dag, nei, seier han og skryt av veldig god og lett stemning i gruppa under det lange møtet onsdag. (©NPK)