Det er ikkje enkelt å ta opp likestillingsspørsmål.

Anna Ekre
Anna Ekre

Emma Watson haustar trampeklapp over heile verda etter FN-talen om kvinner sin rett, som ho heldt i helga. Samtidig er det ikkje enkelt å ta opp likestillingsspørsmål. Du blir fort ho feministhora som ikkje greier å halde att kjeften sin. Noko Watson no får erfare.

Vil sette ho på plass
For ikkje alle var like fornøgd med Watson sin tale. “Emma, den feministkjerringa skal vise verden at ho er ei like stor hore som alle andre kvinner.” er ein av kommentarane som har vorte spydd ut saman med trugslar om at nakenbilete av henne skal lekkast. Desse trugslane har ikkje noko med seksuell tilfredsstilling å gjere. Det er ingen som får noko anna enn makt ut av å dele slike bilete. Dette er eitt av mange teikn på at feminisme framleis er naudsynt. At folk ikkje taklar at kvinner ytrar seg og føler eit behov for å truge dei til stillheit, vitnar meir om tidleg 1900-talet enn det likestilte samfunn eg håpa vi nærma oss i dag.

Voldtekt og drapstruslar daglegdags
Desse truslane er ikkje noko nytt som dukka opp etter talen til Watson. Netthets mot kvinner er daglegdags. Menn bli òg møtt av nett-trolla, men hetsen mot dei er ikkje seksualisert i same grad som mot kvinner. Då ei svensk jente sette spørjeteikn ved at rapparen og valdtektsforbrytaren Tupac Shakur var på Hennes og Mauritz sine t-skjortar, var det nærmare tre tusen som var ueinig i denne ytringa. Dette viste dei ved å skrive at jenta burde kneblast, urinerast på, voldtakast og drepast. Eit anna eksempel frå nyare tid er ungdomspolitikaren Maria Honerød som trakk seg frå politikken etter ei rekkje hatefulle meldingar. ”avgiftshore” og ”jævla politikerfitte” er noko av det ho har vorte kalla etter at ho stemte for bompengar i heimdistriktet Grenland.

Ufarlege krek, eller?
Ein kan seie at dei er ufarlege desse ynkelege kreka, som sitt trygt bak dataskjermane sine ute av stand til å kome med saklege argument. Då har dei ikkje noko anna å ytre enn måtar dei vil nedverdige kvinner på. Og ja, mest truleg vil dei nok ikkje kome opp av det grumsete internettdjupet for å voldta og drepe. Men dei teier viktige stemmer. Stemmer til kvinner som til slutt ikkje orkar kampen lenger. Ikkje lenger orkar å lese kor stygge dei er, og korleis dei skal audmjukast og straffast fordi dei har valt å ytre seg. Om det så berre er ei kvinne borte frå debatten grunna det sjåvinistiske internettgrumset, har likestilling tapt eit slag. Vi kan ikkje kalla oss likestilte før alle kan ytre seg sakleg utan å måtte tåle hets og truslar på bakgrunn av kjønn.

Samtidig må vi heidre alle dei som orkar, for som Watson sa under si tale: ”If not me, who? If not now, when?”

Først publisert på Nærnett.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE