– Havbasert fiskeoppdrett er framtida

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Havbasert er framtida

 

Det meiner Olav-Andreas Ervik, konserndirektør for oppdrett i Salmar-konsernet. Nyleg heldt han innlegg på fagkonferansen «Marine moglegheiter» og fortalde om den store teknologiske nyvinninga til Salmar-selskapet: havbasert oppdrettsmerd inspirert av teknologien i oljeindustrien.

Laks til havs

Salmar er den fjerde største lakseprodusenten i verda og er oppteken av berekraftig produksjon. Selskapet har dei siste åra brukt 40 millionar kroner på å utvikle nytt teknologisk utstyr som kan plasserast lenger ut frå kysten utan at styggevêr og bølgjer blir eit hinder.

– Fokus i lakseproduksjon må liggje på berekraft. Produksjonen bør skje ut frå dei naturgitte vilkåra til laksen, og ikkje på avgrensingane til utstyret. Salmar meiner laksen bør alast opp lenger til havs i meir eksponerte område. Straumretningane der gjer at vi stadig får tilført nye vassmassar og har meir stabile temperaturar gjennom året, fortel Ervik.

Lære av oljeindustrien

Dette krev mykje meir robust utstyr enn det som blir brukt i dag.

– Oljeindustrien har stadig tilpassa seg eit krevjande produksjonsmiljø, tatt i bruk nye område og hatt stor politisk vilje med seg. Vi er stolte av det vi har fått til i havbruksnæringa, men vi ser at oljeindustrien har kome lenger enn oss, sjølv om oppdrett og olje var to næringar som starta om lag på same tid på 70-talet. Vi i Salmar vil gå i front og bidra med løysingar for korleis vi skal utvikle oss vidare i havbruksnæringa, seier Salmar-direktøren.

Robust og automatisert

Den nyutvikla merden til Salmar kan ta i bruk havrommet. Han kan liggje mykje lenger frå land enn i dag, unna fjordar og elvemunningar og er mindre eksponert for lakselus. Designet er robust og har fokus på høg HMS-standard for fisk og folk.

Den tekniske løysinga er basert på det beste frå både norsk fiskeoppdrett og offshore oljeteknologi. Det er snakk om eit nedsenkbart anlegg med fast struktur som flyt stabilt i havnære område med ei djupne på 100 til 300 meter. Handtering av all fisk kan utførast internt i anlegget utan å bruke eksterne båtar og utstyr. Fisken er i anlegget frå smolt til slakteferdig storleik og merden er rømmingssikker.

Merden er 67 meter høg og har ein diameter på 110 meter. Volumet er 245.000 kubikk. Alle operasjonar er automatiserte slik at ein ikkje er avhengig av folk som utfører dei i storm og stille. Alt kan styrast frå eit kontrollsenter.

Kva må til?

Den revolusjonerande havmerden har derimot høge investeringskostnader.

– Det vil krevje fleire millionar kroner å realisere dette konseptet som Salmar har utarbeidd. Vi er klare til å byggje eit pilotanlegg som mange kan lære av, men utan støtte frå styresmaktene kjem vi ikkje vidare. Vi må ha tilgang til gode havområde, per i dag har vi ein lokalitet på Frohavet (i Sør-Trøndelag) som ligg klar til bruk. Salmar har gjort det grunnleggjande arbeidet og er klar til å ta investeringsrisikoen, men vi treng mellom anna rammevilkår og konsesjonar for å prøve dette, seier Olav-Andreas Ervik i Salmar. (©NPK)