Tyrkia: Opphevar hijabforbud på skular

Kritikarar meiner det undergraver landets sekulære tradisjon når tyrkiske myndigheiter no vil tillata elevar ned i femte klasse å bruka hijab.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tyrkia: Opphevar hijabforbud

Denne veka annonserte den tyrkiske regjeringa at dei vil oppheve forbodet mot hijab på tyrkiske skular. Forslaget, som tillater jenter heilt ned i tiårsalderen å dekkje til håret på skulen, får kritikk frå fleire hald.

Forbod for fall
– Eg veit at fleire kvinnelige elever har lengta etter dette, sa visestatsminister Bülent Arinc, ifølgje den engelskspråklege tyrkiske nettavisa Hürriet Daily News, etter eit regjeringsmøte måndag kveld.

Tidlegare i år skapte same mann internasjonale overskrifter med eit utspel om at kvinner ikkje bør le offentleg

Det tyrkiske forbodet mot hijab i skulen og offentlege institusjonar såg dagens lys på 80-talet, som ein del av landets politikk for å skilje stat og religion.

Regjeringspartiet AKP, som vert omtala som eit moderat islamistisk parti, har lenge vorte kritisert for å hola ut dei sekulære verdiane som den moderne tyrkiske staten er grunnlagt på.

Opposisjonspartia meiner regjeringa nyttar hovudplagget for å flytte fokus frå andre, større problem, og for å sanka stemmer.

LES OGSÅ: Vil forby blasfemi i FN

– På veg attende til middelalderen
I fjor oppheva regjeringa forbodet mot hovudplagget på universitet og for offentleg tilsette. Dette skjedde etter år med press frå forkjemparar.

Det tyrkiske forbodet mot hijab vart i 2005 prøvd for Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg, etter at ein medisinstudent vart utvist for bruk av hovudplagget i 1998. Domstolen gav ikkje studenten medhald.

No vert det altså tillatt for vidaregåande elevar og skulejenter heilt ned i tiårsalderen å dekkje håret.

Leiaren for ein av Tyrkias skule- og elevorganisasjonar meiner opphevinga av hijabforbudet er traumatisk for landets sekulære tradisjonar.

– Tyrkia er på veg attende til middelalderen, seier Kamuran Karaca.