Lét du bilen stå i går?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 I samband med avslutninga på den europeiske mobilitetsveka som starta sist tysdag vert det oppmoda om å lata bilen stå i dag. Statens vegvesen står for koordineringa for dei 18 kommunane som er med.

LES OGSÅ: Den nederlandske sykkelsuksessen

Eit bytema
Kampanjen er hovudsakeleg retta mot byar, der mykje bilbruk kan føra til miljøproblem.

– Hovudhensikta er å få folk til å ta i bruk bysentrum utan bil. Gi bilen ein pause, bruk heller sykkel eller kollektivtrafikk, seier Bente Tovik, kommunikasjonsrådgjevar i Statens vegvesen.

Ho fortel at det er byane og kommunane sjølv som arrangerer bilfri dag, medan Statens vegvesen bidreg med støtte og koordinering.

LES OGSÅ: Er dette framtidas by?

Vil ha fleire med
18 kommunar av totalt 428 i Noreg kan verka som dårleg oppslutnad for Bilfri dag. Men Tovik understrekar at det er større bysentrum kampanjen rettar seg mot, noko som gjer det mindre aktuelt for ein del av kommunane å vera med.

– Det er først og fremst ei kampanjeveke for miljøvennleg transport i byane og det varierer frå år til år kva byar som deltek. Det kostar pengar, ressursar og kapasitet, kommunane må vurdera dette opp mot andre oppgåver dei har. Men til dømes Bergen har vore flinke kvart einaste år, seier Tovik.

– Målet er å få med flest mogleg, men me ser at det er ei prioriteringssak. Me skulle ønska me fekk med fleire, det kan eg sei. Eg trur det har noko å gjera med at det er eit prosjekt som er litt lite kjend, held ho fram.

LES OGSÅ: – Elbilar må subsidierast annleis

Ein sunn kommune
På lista over deltakarkommunar står blant anna Volda, trass i at dei ikkje har bystatus. Likevel er Volda eit godt trafikkert sentrum, mellom anna grunna E39 som går gjennom sentrum. Grunnen til at Volda valde å vera med, er blant anna knytt til tradisjon, forklarar folkehelsekoordinator i Volda kommune, Berit Koen.

– Kommunen har lange tradisjonar med fokus på folkehelse, og me er mellom anna medlem i «Sunne Kommunar», seier Koen. Ho forklarar vidare korleis Volda kommune arrangerer den bilfrie dagen.

LES OGSÅ: Det grøne skiftet er i gang

Mange fleire gjekk
I tillegg til mykje bevisstgjering og ulikt opplegg gjennom heile mobilitetsveka, håpa Volda å sjå så få bilar som mogleg på vegane i dag.

– Det var ikkje eit krav, men ei sterk oppmoding. Me sto utanfor sjukehuset i dag og snakka med mange forbipasserande. Det var positivt å sjå at veldig mange gjekk eller sykla. Ikkje berre tilsette på sjukehuset, men også mange tilfeldige forbipasserande. Alle hadde fått det med seg, seier Koen nøgd. Ho legg til at dei såg veldig mange foreldre som gjekk med borna sine på skulevegen.

Når kommunar melder seg på den europeiske mobilitetsveka skal dei og visa til eit varig tiltak. Koen fortel at Volda vil fokusera på skuletrafikken som sitt varige tiltak, og håpar å få bussane til å stoppa litt lenger vekke frå skulen, for at elevane skal få litt frisk luft og ein gåtur før skuledagen startar.

INNLEGG: – FpU følgjer ikkje med i klimatimen

Nøgd
Koen ser på prosjektet som ein suksess i Volda.

– Eg trur me har fått mange til å tenka. Tilbakemeldingane har vore positive, og folk som var nødd til å bruka bilen i dag verkar til å ha litt dårleg samvit, seier Koen.