Musikernes fellesorganisasjon krev at NRK aukar delen norsk musikk frå 35 til 50 prosent.

NPK
NPK

Det kjem fram i eit høyringssvar frå organisasjonen i samband med at NRK-plakaten har vore ute på høyring, fortel Bergens Tidende.

LES OGSÅ: P3 speler meir norsk musikk

– Spesielt ansvar
I uttalen skriv Musikernes fellesorganisasjon (Mfo), som har 7.700 medlemmer, at dei er redde for at mykje av grunnlaget for å skapa og spela norsk musikk vil bli borte dei neste åra om ikkje NRK tek større ansvar for dette.

– Vi meiner at NRK som nasjonal kringkastar har eit spesielt ansvar for den norskproduserte og norskspråklege musikken. Dette er diskutert i bransjen, og vi ser 50 prosent som eit fornuftig tal, seier forbundsleiar Hans Ole Rian i Mfo til avisa.

Organisasjonen viser mellom anna til at P4 og Radio Norge om få år ikkje treng å innretta seg etter kravet om å spela 35 prosent norsk musikk, og i prinsippet kan la vera å bruka norsk musikk i det heile.

LES OGSÅ: Speler norsk musikk på nattetid

Vil ikkje ha fleire krav
Rian meiner det finst mykje god norsk musikk og at det ikkje burde by på problem å oppfylla kravet om 50 prosent norsk musikk.

I fjor brukte NRK P1 42 prosent norsk musikk, P2 29 prosent og P3 37 prosent.

Til våren kjem Kulturdepartementet med ei stortingsmelding om NRK, men etter det Bergens Tidende fortel ønskjer ikkje radiosjef Marius Lillielien fleire statlege krav til redaksjonelle val i kanalen. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

Kommentarar

ANNONSE