Miljøkampanjen «Meat-Free Monday», som McCartney-familien står bak, fyller fem år og feirer med stor musikkvideo.

 Det er no fem år sidan Paul McCartney starta kampanjen «Meat-Free Monday» saman med døtrene Mary og Stella McCartney. Kampanjen som vil oppmoda folk over heile verda til å kutta ut kjøtet ein dag gjennom oppskrifter og informasjon om kva miljøeffekt det kan ha.

Ikkje minst har dei Beatles-legenda Paul McCartney sjølv i spissen, som markerer femårsjubileet med ei eiga låt og musikkvideo.

LES OGSÅ: Kranglar om kjøtet

With A Little Help From My Friends
Musikkvideoen, som du kan sjå i botn av saka, har ikkje Paul McCartney laga åleine. Videoen består av mange ulike klipp som følgjarane av kampanjen har sendt inn sjølv, der dei viser bilete av seg sjølv og ein del av teksten. I videoen kan du og få glimt av nokre andre kjentfolk, som til dømes Woody Harrelson.

Her får du og ein bonus – Paul McCartney tek ein liten rap for å oppmoda fleire om å bli med.

LES OGSÅ: Er dette framtidas by?

Oppdatert: onsdag 12. april 2017 14.40

LES OGSÅ

ANNONSE