Framleis problematisk å vere open

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Problematisk å vere open

– Homo blir framleis brukt som eit skjellsord. Prøv å vere open og inkluderande, er Mette Thobro sitt råd til dei som vil hjelpe
Ho er leiar for Skeive Studenter i Bergen og meiner at det nok er mange ikkje-heterofile studentar som syns det er problematisk å vere opne om legninga si.

– Vi er ikkje så like i dette landet som vi trur vi er, meiner ho.

LES OGSÅ: Lite homosex i norske skulebøker

Skeive studentar slit meir

Nyleg blei SHoT (Studentenes helse- og trivselsundersøkelse) publisert. Resultatet viser mellom anna at skeive studentar slit meir psykisk enn andre studentar. Ikkje-heterofile rapporterer dårlegare livskvalitet og meir einsemd enn majoriteten.

– Mange er usikre på seg sjølv og sin seksualitet, og lever heile tida med frykt for at nokon skal oppdage legninga, seier Daniel Mekki.

Han er leiar for Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (LLH) i Bergen og Hordaland, og har inntrykk av at nokon fortsatt syns det er vanskeleg å ikkje vere heterofile.

Mekki meiner at utviklinga stort sett går i riktig retning i Norge, spesielt for homofile og lesbiske. Transseksuelle er nærast usynlege i samfunnet i dag, og har framleis ein lang veg å gå. Ifølge Mekki slit dobbelminoritetar aller mest. Dei som både er ikkje-heterofile og som i tillegg er til dømes innvandrarar eller kjem frå religiøse familiar, kan bli utsette for religiøs forfølging.

– Eg har i to tilfelle måtte hjelpe nokon med å endre identitet. Ikkje alt er i mål ennå, fastslår Mekki.

LES OGSÅ:
Ein av seks ville flytta seg unda ein homofil

Kan ikkje ta aksept for gitt

Mari Bjørkman har skrive PhD om lesbisk helse, og fortel at det fortsatt er mykje negativitet i samfunnet.

– Ein ikkje-heterofil person kan ikkje ta aksept for gitt, og det kan vere vanskeleg å akseptere seg sjølv. Ein kan møte haldningar som fortel at ein er mindre verd enn andre, seier forskaren.

Ho har likevel inntrykk av at det er lettare å ha ein annan legning enn majoriteten i dag enn det var før, mellom anna fordi det finst betre juridiske rettar og mogelegheitar. Bjørkman meiner folk kan gjere det lettare å vere skeiv ved å vere opne og aksepterande.

– Ein kan vise si anerkjenning av at menneske er ulike. Spør gjerne, men med en positiv undertone, anbefalar Bjørkman.

Saka vart først publisert hos Studvest.

Faktaboks

STUDENTENES HELSE- OG TRIVSELSUNDERSØKING (SHOT)

Undersøking som kartlegger studentar si helse og trivsel, utført i 2010 og 2014.

52% av skeive studentar meiner det ikkje er problematisk å vere opne om seksuell legning no, i

motsetning til 44% i 2010.

Ikkje-heterofile studentar rapporterer framleis om dårlegare livskvalitet og meir einsemd enn

heterofile.

8% av studentar definerer seg som ikkje-heteroseksuelle.