mm
Faktaboks

Seismikk

• Er ein geofysisk måte å undersøka undergrunnen på.

•  Ein sender trykkbølgjer frå ei luftkanon, dynamitt eller ein stor vibratorer ned i jorda.

•  Deler av trykkbølgja vert reflektert og syer strukturane i undergrunnen.

•  Resultatet er eit kart over dei geologiske strukturane

•  Me har både landseismikk og marin seismikk.

•  Oljebransjen er den største kjøparen av seismikk fordi det er eit godt verkty for å leite etter olje og gass.

Kjelde: Wikipedia

LES FAKTALUKK FAKTA

– Trass i sterke protestar frå både miljørørsla og dei lokale fiskarane, har Kystverket gjeve NGU tillating til å skyte seismikk utfor Vesterålen.  Dette er ei krenking av fiskarane sin rett til å hauste av havets ressursar, seier Bente Kristine Lorentzen, leiar i Folkeaksjonen Oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja i ei pressemelding.

I kveld arrangerer dei vardebrenning i protest og i morgon er det ei markering på torget i Andenes.

LES OGSÅ: Kva for ein planet lever du på?

Utsett etter fiskarprotestar
Folkeaksjonen er ikkje åleine. Bellona, Naturvernforbundet og Natur og Ungdom er òg med i eit felles opprop mot den varsla seismikkskytinga i Andfjorden.

– Andfjorden er ikkje opna for oljeverksemd, og er heller ikkje del av en opningsprosess. Likevel vil seismikken eigast av oljeselskapa og Oljedirektoratet, og vil kunne fortelje om det er indikasjon for olje og gass i området, seier Martha Revheim, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom i pressemeldinga.

Seismikkskytinga skulle etter planen eigentleg gå føre seg i fjor, men vart utsett på grunn av protestar frå lokalbefolking og Andøy Fiskarlag.

Etter Oljedirektoratet si seismikkskyting i perioden 2007-2009 meiner fiskarane å ha fått fiske for 47 millionar kroner øydelagt.

I perioden 2008 til 2012 vart det utbetalt 14,7 millionar kroner til desse fiskarane.

LES OGSÅ: Plukka 250 kilo torsk opp frå havet med hendene

Skremmer fisken
Havforskingsinstituttet har funne at lyden av seismikkskyting kan skremme fisk innafor ein radius på 33 kilometer frå lydkjelda. Difor rår dei særleg frå slik aktivitet i gyteperioden.

Kanonene drep òg larvar og yngel tett inntil, men her er den naturlege dødelegheita så stor, at seismikkanonene truleg har lite å seie frå eller til.

10. september gav Kystverket endeleg klarsignal for at Norges geologiske undersøkelse (NGU) kan skyte seismikk i Andfjorden.

Målet med undersøkingane er å sjå på mogleg djupforvitring av grunnfjell, som kan vere tilfellet på Utsirahøgda.

Prosjektet er delfinansiert av Oljedirektoratet og fem oljeselskap.

LES OGSÅ: Vi veit for lite om arktiske fisk

Misnøgd med fiskeriministeren
Andøy Fiskarlag klaga på vedtaket, men har ikkje fått gehør frå Kystverket eller fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

– Elisabeth Aspaker har blankt avfeid fiskarane si uro for fangsten og eige levebrød. Det er skammeleg at fiskeriministeren stengjer øyrene for fiskarane sine protestar og ikkje talar deira sak i kampen for retten til å hauste av havet, seier Ingrid Skjoldvær, fagrådgiver i Bellona.

Oppdatert: fredag 10. november 2017 10.17

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE