Rastlaus musikk

Framtida
Publisert
Oppdatert 22.09.2017 13:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den stille byen
Hanne Kolstø er ein norsk artist, fødd i 1981 og oppvaksen i Sykkylven. Ho song mykje heilt frå ho var lita, og opp gjennom tenåra deltok ho fleire gongar på Ungdommens kulturmønstring. Etter å ha fullført vidaregåande flytta Hanne til Kristiansand for å studere ved Musikkonservatoriet på Høgskolen i Agder. Og det var her, i den rolege, men likevel kreative sørlandsbyen, at musikken verkeleg begynte å ta opp det meste av tida til Hanne.

Ho har ofte fortalt om korleis dei kreative gruppene i Kristiansand blir påverka av kvarandre – musikarar, kunstnarar og forfattarar høyrer til same vesle miljø, og utvekslar idéar og inspirasjon på tvers av sjangrane. Sjølv blir Hanne Kolstø mest inspirert av performance- og videokunstnarar – noko som kjem tydeleg til syne i pressefotoa og videoane som blir laga til musikken hennar.

Tre band
I løpet av fem år har Hanne Kolstø gitt ut seks album – men ikkje alle som soloartist. I Kristiansand var ho nemleg medlem av fleire band. Love:Fi starta ho allereie i 2004, saman med Haldor Røyne (gitar) og Eirik Dørsdal (trompet). Gunnar Sæter (trommer) og Morten Martens (bass) kom til, og i mai 2009 gav dei ut debutplata 18. Same år gav duoen Thelma & Clyde (Hanne og Trygve Tambs Lyche) ut Thelma & Clyde EP.

Året etter var turen kommen til Hanne sitt tredje bandprosjekt, Post. I tillegg til Kolstø og Røyne er Ole-Bjørn Talstad og Andreas Stensland Løwe med i Post. Common Rand of People vart spelt inn på ei hytte på fjellet medan det snødde utanfor; Hanne hadde skrive songane, men heile bandet bidrog til arrangementa. Post har seinare turnert mykje blant anna med Rikskonsertane.

Thelma & Clyde albumdebuterte også i 2010. White Line fekk gode kritikkar, og Thelma & Clyde spelte både på Bylarm og ute i Europa.

Schizofren
2011 var året då Hanne Kolstø for første gong gav ut musikk under eige namn. Singelen The City kom i september – med ein musikkvideo som gjorde ære på Kristiansand. Albumet Riot Break kom same månad, på Karmakosmetix Records, som også hadde gitt ut fleire av banda til Hanne. Riot Break fekk svært gode kritikkar, og vart lansert i USA og Tyskland året etter. Som soloartist blanda Kolstø pop, elektronika og eit meir akustisk sound med mørke tekster, i det ho sjølv omtalar som ein «schizofren» musikk.

Denne sjangerblandinga og -utforskinga heldt fram då ho allereie hausten etter kom med oppfølgjaren FlashBack (2012), som vart nominert til Spellemann for beste pop. Thelma & Clyde gav ut sin siste singel Back2Black same år, før duoen vart nedlagd.

Sjølv om ho er produktiv når det gjeld å lage album, har Hanne også turnert nesten samanhengande dei siste åra – i Noreg, Europa og USA. Då ho skulle lage det tredje albumet sitt, tok ho likevel nokre månadars pause, og reiste heim til Sunnmøre. Ho gjekk i fjella, og skreiv nye songar. Stillness and Panic (2013) vart spelt inn i barndomsheimen, og i bedehuset der ho song i kor som barn. I februar 2014 fekk Kolstø Forbildeprisen under festivalen Bylarm.