Mæhle-krim til Tyskland

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mæhle gav i haust ut boka Linnés dystre lærdom på Det Norske Samlaget. I Tyskland er det UIlstein Verlag som har kjøpt rettane til å gi ut forteljinga om kickboksar og psykolog Ina Grieg. Den første boka i serien, Den mørke porten, er også seld til det same forlaget.

Lars Mæhle kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn og unge, og fekk sitt store gjennombrot med fantasyromanen Landet under isen i 2009.

BOKMELDING: Ny slukebok frå Mæhle