Kasta regelboka – og alt gjekk bra

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

National Post skriv om rektoren som fjerna regelverket som hindra born å driva med vill leik på skulen, samstundes som elevane ikkje vart straffa for å til dømes bruka kvistar som leikesverd.

Og reaksjonen frå foreldra som kom inn med ein son med broten arm var oppløftande – dei håpa at uhellet til sonen ikkje skulle føra til at reglane kom tilbake, skriv National Post.

LES OGSÅ:Spreke born, smarte born

Mindre vandalisme
Vidare står det at skulen faktisk opplevde færre skadar etter at regelboka vart kasta. Færre skadar, mindre mobbing, mindre vandalisme og meir fokus i timane. Rektoren, som heiter Bruce McLachlan og er rektor for Swanson School, håpa på akkurat dette.

Idéen bak eksperimentet var at ungane kanskje ville utvikla fantasien og oppfordra til å løysa problem på eigenhand, framfor å bli plassert i ei beskyttande boble.

LES OGSÅ: Barneteikningar kan avsløra IQ

Fleire følger etter
I følgje National Post er det no fleire skular, både i USA og Storbritannia som vurderer å følga etter. Og sjølv om Maclachlan har stått i fare for å bli tvungen til å innføra leikereglane igjen, har støtta vore enorm.

LES OGSÅ: Leiter på ekstreme stader etter nye antibiotika-håp