Det er ti dagar til skottane skal svara på eit enkelt, men likevel vanskeleg spørsmål. Skal dei skilja seg frå Storbritannia?
Lenge har idéen virka fjern – men i den siste meiningsmålinga gjort i Skottland var det faktisk fleirtal for sjølvstende.
LES OGSÅ: Kvifor vil skottane ut av Storbritannia?
Første gong
Ja-sida, leia av den skotske førsteministeren Alex Salmond, fekk 51 prosent støtte, medan nei-sida «Better together» med den tidlegare finansministeren Alistair Darling i spissen, fekk 49 prosent då dei som ikkje hadde bestemt seg ikkje vart rekna med.
Dette er første gong ja-sida har hatt fleirtalet på meiningsmålingane, etter å ha jobba seg sakte oppover gjennom sommaren.
– Ein vekkar
Det var YouGov som tok målinga for Sunday Times denne helga, skriv The Guardian. Dei siterer og Alistair Darling, leiaren av nei-sida.
– Denne meiningsmålinga kan og må vera ein vekkar for alle som trudde restultatet av folkeavstemminga var gitt på førehand, sa Darling.
LES OGSÅ: Dette kan skje med eit sjølvstendig Skottland