Maritime lærlingar i kø på land

Are Kalvø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lærlingar i kø på land

– Før hadde vi reiarlag som tok inn heile klasser. Men fleire av dei store reiarlaga tek ikkje inn nokon lærlingar no. Det er utflaggingsproblematikken som er årsaka, seier Øyvind Baardsen ved Maritimt opplæringskontor til Bergens Tidende.

LES OGSÅ: Fleire vel akvakultur

– Det er alvorleg
Mangelen på lærlingplassar har ført til at Hordaland fylkeskommune har lagt ned ei av dei åtte vidaregåandeklassene dei har i maritime fag. Også Rogaland og Vest-Agder har lagt ned ei klasse kvar, skriv avisa.

Problema med å få læreplassar på vidaregåande skule har forplanta seg vidare. I år står godt over 100 kadettar utan læreplass.

– Det er alvorleg, for dei får ikkje sertifikat som styrmann utan å hatt praksis i eitt år. Eg er veldig bekymra. Får ikkje elevane vore ute på båt, får dei heller ikkje den kompetansen dei treng og næringa etterspør, seier Baardsen til Bergens Tidende.

LES OGSÅ: Lærer mykje av praksisen i lærlingtida

Skuldar på skuleeigarane
Men både Norges Rederiforbund og Norsk sjøoffisersforbund meiner problemet heller ligg hjå skuleeigarane, som utdannar for mange.

– Næringa har dobla talet på læreplassar på ti år. Denne situasjonen oppstår fordi det vert oppretta fleire skuleplassar enn det som er forsvarleg, seier direktør for kompetanse og rekruttering i Norges Rederiforbund til avisa. (©NPK)

LES OGSÅ: Løft for lærlingar