Middels på strå

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Middels på strå

I staden fekk vi endå ein diskusjon om kor mykje hetsing ein må tole på nettet. Slike avsporingar av viktige debattar vil vi sjølvsagt alle ha slutt på. Derfor er det på tide no å ein gong for alle slå fast nøyaktig kor mykje hetsing ein må tole på nettet. Så kan vi legge den diskusjonen bak oss, og konsentrere oss om store og viktige saker. 

For å finne ut nøyaktig kor mykje netthetsing du må tole, har eg studert alle innlegga i alle diskusjonane om netthetsing den siste halvanna veka. Alt tyder på at mengda av hets du må tole, heng saman med kor høgt på strå du er, og kor høgt på strå hetsaren er. Desto høgare på strå du er, og desto mindre høgt på strå hetsaren er, desto meir må du tole. Og omvendt. Eller for å seie det med ein formel: H+S=S+H.

Altså:

Viss du sjølv er ganske høgt på strå (for eksempel ein politikar som har makt, eller ein politikar som snart kjem til å få det), og du blir hetsa av nokon som er ganske lågt på strå (for eksempel ein anonym fyr på nettet som kallar seg artigkar123), då må du tole å bli kalla: Teit, landssvikar, quisling, dum, ikkje det spøtt betre enn Osama bin Laden, luremus, sengeliggande, pleietrengande, sjuk i hovudet, tilbakeståande, kylling, kjønnsorgan, terrorist, komiske Ali, nazist, stygg, tjukk, Judas, satan, seksuelt understimulert m.m. Du må med andre ord finne deg i å bli kalla nesten alt, ligg avhengig av kor ung du er, korleis du ser ut og kvar foreldra dine kom frå.

Viss du sjølv er ganske høgt på strå, og du blir hetsa av nokon som er middels på strå (for eksempel ein politikar som openbart aldri kjem til å drive det til noko), då må du tole å bli kalla: Teit, landssvikar, quisling, dum, ikkje det spøtt betre enn Osama bin Laden, luremus, sengeliggande, pleietrengande, sjuk i hovudet, tilbakeståande, kylling, kjønnsorgan, terrorist, nazist, stygg, tjukk, Judas, satan, seksuelt understimulert m.m. Du må med andre ord igjen finne deg i å bli kalla nesten alt, så lenge hetsaren ber litt om unnskyldning og/eller partileiaren til hetsaren himlar såpass med auga og sukkar såpass tungt at alle forstår at det ikkje er nødvendig å hisse seg så veldig opp over dette, sidan denne politikaren likevel openbart aldri kjem til å drive det til noko.

Viss du sjølv er ganske høgt på strå, og du blir hetsa av noko som også er ganske høgt på strå, då treng du ikkje finne deg i mykje. Nesten ingenting, faktisk. Då kan du tillate deg å bli støtt og fornærma av å bli kalla: Ikkje spesielt ansvarlig i den økonomiske politikken, opptatt av skattelettar, ikkje særlig visjonær, ikkje akkurat imponerande, typisk, opposisjonspolitikar, statsråd e.l.

Viss du sjølv er middels på strå eller lågt på strå, og blir hetsa av nokon som er ganske høgt på strå, då skal du finne deg i endå mindre. Ingenting, faktisk. Men dette kjem neppe til å bli eit problem, sidan folk som er høgt på strå forstår at dersom dei hetsar folk som er lågt på strå, så verkar dei usympatiske og lite folkelige, og risikerer å miste posisjonen sin høgt på strå, og i staden for eksempel hamne middels eller lågt på strå, og det er noko av det siste folk som er høgt på strå vil.

Greitt? Då er den diskusjonen over. Og vi kan gå tilbake til å diskutere ekstremisme. Eller fotball-landslaget, eventuelt.


Først publisert i Aftenposten 6. september.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!