Leiar i røde Kors Ungdom Charlott Nordström brenn for asylsøkjarane. Ho er denne vekas Unge eldsjel.

mm
Faktaboks

Unge eldsjeler

Framtida.no vil løfte fram ungt engasjement, ved å setje fokus på unge som brenn for ei sak. Denne veka fortel leiar i Røde Kors Ungdom Charlott Nordström, om det ho brenn for.

Les om fleire eldsjeler her!

LES FAKTALUKK FAKTA

Det var dei slitne asylmottaka og den trasige situasjonen dei i dei sit i, som lokka Charlott Nordström inn i Røde Kors Ungdom.

Den gong vart den 21 år gamle trondheimsstudenten møtt av tre jenter i alderen 5-8 år, som var kjempeglade for at dei kom. No er 27-åringen frå Oslo leiar for tusen aktive frivillige mellom 13 og 30 år, som vil hjelpe andre.

Møt fleire unge eldsjeler her!

Verdifullt utan betaling
– Kvifor er Røde Kors Ungdom sitt arbeid så viktig?

– I Røde Kors Ungdom er vi med på å påverke våre lokalsamfunn gjennom lokal aktivitet, og verda gjennom ein verdsomspennande organisasjon. Me løfter tema som er viktig for ungdom og som ofte ikkje vert snakka om, og me arbeider for medmenneskelege haldningar, svarar Charlott Nordstrøm, leiar i Røde Kors Ungdom.

Og ho nemner døme i fleng: Rollespelet «På Flukt» der ungdom får oppleva kva det faktisk vil seie å vere flyktning, dei snakkar om einsemd og arrangerer opne møteplassar for ungdom, held seksualundervisning for ungdom og har aktivitetar med born og unge på asylmottak.  

– Det er viktig å bry seg om andre og korleis me har det saman, og det har ein ekstra verdi at ein gjer noko for kvarandre frivillig, utan betaling, slår ho fast.

LES OGSÅ: Ungdom er mest einsame

Asylsøkjarar på ski
– Kva var det første som fekk deg til å bry deg?  

– Eg vart med i Røde Kors Ungdom fordi eg ville vere med å arrangera aktivitetar på asylmottak og ha leksehjelp med borna der. Eg meiner det er viktig å ta i mot personar som kjem til oss frå vanskelege situasjonar på ein god måte, for dei og for fellesskapet.

Ho har lært mykje om kva me tek for gitt når ho har hjelpt nybyrjarar med norskleksene. Der har ho òg fått inn litt arabisklæring sjølv. Det er tovegslæring.

Og det er gøy å ha handarbeidsgrupper med kvinner frå ulike delar av verda.

– Då lærer ein mykje om ulike kulturar samstundes som ein finn ut at me har mykje til felles. Det er overraskande mykje ein forstår sjølv om ein snakkar til kvarandre på to vidt forskjellige språk og ikkje anar kva den andre seier!

Så må ho medgje at det er utruleg kult å sjå vaksne mannfolk hyle av latter når dei går på trynet i snøfonna etter å ha spent på seg langrennskia og fryktlaust satt utfor bakken for første gong.

LES OGSÅ: – Ikkje alle er like heldige som meg

Heiar på ordførarane
– Kven er ditt største førebilete innan feltet du er engasjert i?

– Akkurat no vil eg seie at dei ordførarane som syter for at fleire flyktningar med opphaldstillating får moglegheit til å starte liva sine, som viser hjarterom, fortener å verte trekt fram som førebilete, svarar Charlott.

At desse vert trekt fram er ikkje tilfeldig. Bakgrunnen er at Røde Kors Ungdom i vår lanserte kampanjen «Leve ikke vente», der dei oppmoda kommunar til å ta inn fleire flyktningar som har fått opphaldstillating. I dag sit over 5000 unødvendig på asylmottak og ventar på å bli tatt imot av ein kommune.

– Elles ser eg opp til våre frivillige over heile landet som bruker si fritid på å gjere noko for andre.

– Kor oppslukt er du i arbeidet med Røde Kors Ungdom på ein skal frå 1 til 10? 

– 9. Eg studerer helse, organisasjon og kommunikasjonspsykologi, og alle dei tinga me jobbar med i Røde Kors Ungdom er relevante for studiet. Det er utruleg lærerikt å heile tida få brukt all teorien i praksis. No har eg vore i sentralstyret til Røde Kors Ungdom i fire år, to av dei som leiar. Det å ha møter i helgene, på kveldane, på morgonane og heile tida ha ein timeplan som planleggast etter Røde Kors Ungdom er vorte ein livsstil og gjer det vanskeleg å ikkje vere oppslukt. Også er Røde Kors over alt, det er umogleg å ikkje tenkje på Røde Kors når ein les nyheitene.  

– Kva bruker du resten av energien din på?

– Her burde eg eigentleg berre seie at eg jobbar med masteroppgåva, men det er ikkje sant. På fritida prioriterer eg vener og familie. Eg freistar å kome meg ut i naturen, gjer yoga eller trener intervallar. Eg jobbar for Pstereofestivalen, likar å dra på konsertar og kunstutstillingar, sjå filmar, lese bøker og lage noko (strikke, sy, tegne).

LES OGSÅ: No smiler Halat

Alle har ei psykisk helse
– Kor ofte har du Røde Kors Ungdom-relaterte draumar om natta?

– Heldigvis ikkje så ofte! Eg har mest surrealistiske draumar og hugsar dei sjeldan. Om det er mykje å tenkje på eller eg uroar meg over noko så mediterer eg før eg legg meg eller ringjer nokon og snakkar om det.

– Og i den verkelege verda – kva drøymer du om å oppnå med ditt engasjement? 

Eg håpar eeg kan vere med å bidra til at ungdom ser moglegheiter for seg sjølv som dei ikkje visste fantes, i seg sjølv og i verda rundt seg. Og at dei har kunnskap til å ta gode val for seg sjølv. Eg håpar å vere med på å påverke at me som fellesskap utvikler oss i retning meir medmenneskelegheit, meir forståing, interesse og aksept for kvarandre sine ulikheiter. Og meir aksept og forståing for psykisk helse, kva det er og at alle har det, avsluttar Charlott.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54
ANNONSE