mm

Torsdag opna Hauge-senteret og denne helga er det Ulvik poesifestival. Poesibilen er klar til utrykking kva tid det måtte vera.

– Med poesibilen får me senka terskelen, og ufarleggjort poesien for folk, seier poet og sjåfør Ted Martin Granlund.

Frå bilen les han opp dikt, og deler ut parkeringsbøker.

LES OGSÅ: – Eit nasjonalt kraftsentrum for poesi

– Eg deler ut ein antologi som heiter Parkeringsbok, med dikt frå Thor Sørheim, Terje Dragseth, Kjersti Anfinnsen, Jan Hagen, Jørund Werner, Endre Ruset og meg sjølv, fortel Granlund.

Nokre gonger har dei møtt på massar av folk som har ønskt å sjå nærmare på poesibilen.

– Poesibilen blir godt likt. Spesielt på Hjeltnes gartnarskule fekk me veldig fin respons, fortel Terje Hjartnes frå Hauge-senteret som har vore med på køyreturen.


Poesibilsjåfør Ted Martin Granlund. Foto: Terje Hjartnes

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE