Trøndertalentet

Are Kalvø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bjørnstad har vore heime på trondheimsbesøk når Under Dusken møter han ein måndags ettermiddag. Han har tid til ein prat og ein kakao før han må ta kveldsflyet til Oslo. Sjølv om hans nye liv i hovudstaden er spennande og fylt med utfordringar lengtar Bjørnstad heim til Trondheim. Difor reiser han tilbake til heimtraktene ved kvar anledning som byr seg. Det er omtrent kvar helg.

– Eg synest ikkje Oslo er ein utprega hyggeleg by, seier han og ler.

Han likar mykje betre å kome heim enn å reise til Oslo, og seier han er «drittlei» Gardermoen. Det er tydeleg at Bjørnstad har hjartet sitt i Trondheim. Trass i at han saknar heimbyen understrekar han at det er ein veldig interessant jobb han har fått i Oslo.

– Eg er ikkje gått lei etter eitt år, i alle fall.

LES OGSÅ: Dei yngste på tinget

Politikar bra, student best
Bjørnstad hadde fullført to år av ein bachelor i økonomi og administrasjon på BI då han kapra det andre mandatet til Frp i Sør-Trøndelag i fjor haust, og blei Noregs yngste stortingsrepresentant. Han fekk stilling i Kyrkje-, forskings- og utdanningskomiteen, og skildrar ein kvardag som for ein vanleg student kan høyrast ganske krevjande ut.

– Eg går på jobb halv åtte og byrjar med å lese dagens aviser. Deretter går det slag i slag: Det er møter med rådgivarar, kommunikasjonsavdelinga, så ei stortingsbehandling, og så er det lunsj. Deretter kontakt med lobbyistar, journalistar, veljarar… Så er det interne møter på ettermiddagen. Kvelden går med til å slette e-postar.

– Det høyrest travelt ut. Saknar du ikkje studenttilveret?

– Det finst jo ikkje noko betre liv enn livet som student. Så det var ein ganske stor overgang. Ikkje at eg har det dårlegare no, livsstandarden går jo opp. Men jo, eg saknar tida der eg var ordentleg student.

På spørsmål om han var ein flittig student, skildrar Bjørnstad først eit studenttilvere som dei fleste norske studentar nok kan kjenne seg igjen i.

– Eg var nok ikkje på alle førelesingar. Men eg prøvde å jobbe delvis jamt og trutt. Men slik er det – du skal ha tid til andre ting som student.

Han rettar litt på kommentaren sin og skyt inn at norske studentar jobbar altfor få timar i veka. Å jobbe mindre enn tretti timar i snitt i veka er for dårleg, ifølgje Bjørnstad. Men jobba han sjølv meir enn tretti timar? Her må han tenkje seg om.

– Eg trur nok at eg gjorde det, ja. Med førelesingar og slikt…? Joda, det trur eg nok.

LES OGSÅ: Lagar politikk i sommarferien

Sterkt studentengasjement
Trass i den spennande kvardagen på tinget, har ikkje Bjørnstad klart å leggje studentlivet heilt frå seg. I tillegg til å vere stortingsrepresentant tek han fag ved sidan av.

– Eg prøver å ta 7,5 studiepoeng i semesteret. Då kan eg vere ferdig med bacheloren innan stortingsperioden er over.

Han trivst godt med å sitje i Kyrkje-, forskings- og utdanningskomiteen. På den måten får han framleis henge mykje i lag med studentar. Han blir engasjert når han snakkar om utdanning. Det dreier seg om ting som internasjonal konkurranse, rasjonalisering, samanslåingar og kompetansespissing. Utdanningssektoren kjem visst nærmast til å gå gjennom ein revolusjon dei neste åra. Sivert meiner NTNU må gå tilbake til røtene.

– Vi må hugse på at NTNU er først og fremst eit naturvitskapleg, teknisk universitet.

– Så du vil leggje ned Dragvoll?

– Reint fysisk, ja.

Han smiler lurt, men går ikkje nærmare inn på det.

Debattar rundt kjøkkenbordet
Korleis vart denne unge trønderen, ein sjølvtitulert «la’moramp», stortingsrepresentant allereie i ein alder av 23 år?

– Det var eigentleg ganske tilfeldig at eg melde meg inn i FpU. Vi hadde eit skuleprosjekt i 9. klasse om Stortingsvalet. For å vere godt førebudd til prosjektet las eg alle partiprogramma. Då fann eg ut at Frp sin politikk passa godt med dei meiningane eg hadde, og eg bestemte meg for å bli medlem.

Partivalet kom likevel ikkje som ei overrasking på han. Bjørnstad har alltid visst kva «side» han høyrer til. Med to yngre brør og samfunnsengasjerte foreldre har det vore mange heite diskusjonar i heimen.

– Det har vel vore julaftnar der folk har blitt så sure at dei nesten har gått frå bordet. Far min driv med eigedom, så når han pensar inn på byråkratiet og papirhaugar…

Bjørnstad ler, det er tydeleg at han gler seg over minnet av heite diskusjonar rundt bordet heime.

LES OGSÅ: Vil ikkje bli politisk broiler

Broiler, men ingen lettvektar
Etter berre ein månad som medlem i FpU fekk Bjørnstad sitt første verv i organisasjonen.

– Det skulle vere årsmøte, så eg og ein kompis bestemte oss for å sjekke det ut. Som i dei fleste organisasjonar var det mangel på folk som var interessert i å vere med og bidra. Så var det ein som sa «der sit det ein ny fyr som ser grei ut, så han vil sikkert vere med». Eg ville ikkje vere den kjipe fyren og våga ikkje seie noko anna enn ja.

Etter sitt første landsmøte har verva berre balla på seg for Bjørnstad. Han har hatt eit utal stillingar i ungdomsorganisasjonen og var inntil mars i år nestformann på landsbasis. Samstundes har han hatt verv i vaksenpartiet og har vore medlem av både bystyret i Trondheim og Fylkestinget i Sør-Trøndelag. Ein skulle tru det var vanskeleg å gå så raskt frå å vere ein frittalande ungdomspolitikar til å bli ein respektabel stortingsmann. Men Bjørnstad framstår svært roleg og komfortabel i rolla han har fått. Det er nesten så han avdramatiserer det heile litt.

– Overgangen har vore glidande. Når ein er moden nok går det ganske automatisk.

Bjørnstad har lært mykje om politikk frå han starta som 15-åring. I dag er han eit av Framstegspartiets største talent, ifølgje Per Sandberg. Han er likevel kledeleg jordnær, og meiner det heile handlar om hard jobbing.

– Eg trur ingen er fødd politikar. Mykje av det å vere ein god politikar er å lese sakspapir. Dei dårlegaste politikarane er dei som gjettar på ting.

Koplar utan slips
Etter ein hektisk dag på Stortinget kjem slipset fort av når Bjørnstad er heime i leilegheita. Den beste måten han koplar av på er å liggje på sofaen i joggedress og sjå på sport. Med så tettpakka dagar ser han helst at samtaletemaet dreier seg rundt andre ting enn politikk når arbeidstida er omme. Når han er ute på byen unngår han bevisst å presentere seg sjølv som politikar.

– Det er nok ikkje noko sjekketriks å seie at ein er politikar. Eg har i alle fall ikkje hatt noko særleg suksess med det.

– Kvifor ikkje?

– Eg trur det skremmer folk litt. Mange trur politikarar er nokon upersonlege folk som dei ikkje har særleg tiltru til. Det er ikkje mest «turn-on». Då seier eg heller at eg er student.

Han er på sosiale medium, men seier tida ikkje strekk til for noko meir enn Facebook og Twitter.

– Tinder? Det veit eg nesten ikkje kva er. Livet går heilt greitt utan. Eg syns mange verkar litt for avhengig av dei greiene der.

Ein gong politikar, ikkje alltid politikar?
Om framtida har Bjørnstad få konkrete spådommar. Han håpar han får sitje ein periode til. Deretter tenkjer han å få seg «eit ærleg arbeid».

– Å sitje på Stortinget er litt som å vere i ei boble. Når eg går ut derifrå etter ein lang arbeidsdag, blir eg nesten overraska over å sjå at det fins andre folk i verden. Det er ein rar følelse. Eg trur ikkje folk har godt av å sitte der meir enn to-tre periodar.

Politisk engasjert vil han likevel alltid vere.

– Det er ikkje ein knapp ein kan skru av eller på. Men på eit tidspunkt kan eg tenkje meg å bruke engasjementet ein anna stad enn i sjølve politikken.

På spørsmål om han kan tenkje seg å bli student på heiltid igjen, dersom han ikkje skulle få ein andre periode, må han tenkje seg om.

– Tja… Faren er at eg er blitt for gammal. Men ein er vel ikkje for gammal når ein er tjuesju?

Han ser litt spørjande ut, liksom for å få bekreftelse, og held fram:

– Det blir nok eit litt anna studentliv enn då eg var tjue, i så fall. Eg trur ingenting kan bli likt som når ein er tjue år og student… Før var det det største å gå ut nedst i Nordre. Det er det ikkje lenger. Men ja, det kunne absolutt vore ein moglegheit å gå tilbake til studentlivet.

Ein ting er i alle fall heilt sikkert. Bjørnstad skal tilbake til heimbyen sin.

– Eg kunne ikkje tenkt meg å bu fast nokon annan stad enn Trondheim.

Saka var først publisert i Under Dusken.

Fakta

Sivert Haugen Bjørnstad:

• Fødd i 1990

• Oppvaksen på Lade i Trondheim

• Har studert økonomi på BI

• Stortingsrepresentant for Framstegspartiet 2013-2017

• Var nestformann i FpU inntil mars 2014