Tillitskrise har vore eit nøkkelord gjennom den lange lærarstreiken. Kunnskapsministeren lovar betring i kvardagen til lærarane.

NPK-NTB- Anne Marjatta Gøystdal
NPK-NTB- Anne Marjatta Gøystdal

Dragkampen om meir bunden arbeidstid kom på toppen av ei rekkje andre frustrasjonar for mange lærarar. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) er glad for at streiken er over, men er klar over at det er mykje å ta fatt på.

– Vi er meir enn open for innspel om tidstjuvar som kan fjernast. Vi held allereie på med å kartleggja alle tidstjuvane med tanke på at fleire av dei skal vekk. Dei har opphav litt forskjellige stader, nokre kjem frå skulen, nokre frå kommunen og andre frå statleg hald.

LES OGSÅ: Det har gått prestisje i lærarstreiken

Fleire helsesøstrer
Ei konkret forbetring er at det blir fleire helsesøstrer. I budsjettforslaget til regjeringa er det sett av 200 millionar kroner til 400 nye helsesøsterstillingar.

– Vi vil også levera lovnader vi har snakka om, mellom anna vidareutdanning. Der har vi sett i gang eit stort løp. Då må også kommunane vera med på det, seier Røe Isaksen.

Undervegs i lærarstreiken var arbeidsgjevarorganisasjonen KS inne på at det kunne bli aktuelt å be departementet om meir pengar til etter- og vidareutdanning, letta på krav til rapportering og kjøpa lærarane fri frå administrative oppgåver.

Røe Isaksen seier det ikkje har kome nokon konkret førespurnader enno. Han vil ikkje forskotera noko, men seier han vil følgja opp.

– Dette har vakse fram over fleire år. Allereie i 2009 kom ein rapport som viste at mange lærarar var frustrerte over auka byråkratisering av skulen. Det er vi allereie i gang med å arbeida med. Så er det heilt naturleg å halda fram den gode dialogen med partane for å sjå kva vi kan bidra med, seier Røe Isaksen.

LES OGSÅ: Berre halvparten gjekk til helsesøstrer

– Følgde tett i helga
Tre skuleveker med streik gjekk før partane klarte å løysa den fastlåste situasjonen. Kunnskapsministeren seier han følgde situasjonen tett også gjennom den siste helga, men vil ikkje seia om han var involvert for å leggja press på partane.

– Vi har vore i kontakt med partane, men eg har ikkje behov for å seia noko meir om det, seier han.

Kunnskapsministeren er glad for at streiken er over og at elevane kan ta til på skuleåret.

Dette er gode nyheiter for elevar, foreldre, lærarar og skulen. Det er på høg tid at dei over 100.000 elevane som har vore ramma endeleg kan starta skuleåret for fullt, seier Røe Isaksen. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

ANNONSE