Bær, rotfrukter, fisk og vilt kan vera vel så bra for helsa som middelhavsdietten, ifølgje forskarane.

(NPK-NTB-TT):
(NPK-NTB-TT):

Ei gruppe danske forskarar frå universitetet i København la nyleg fram ein studie på den europeiske hjartekongressen i Barcelona. Forskarane har samanlikna effekten av den nordiske dietten med vanleg mat.

LES OGSÅ: Hopp gjerne over frukosten

Redusert risiko
Eit halvt år seinare viste det seg at gruppa som hadde ete den nordiske dietten hadde gått meir ned i vekt og redusert risikofaktorane for hjarte- og karsjukdommar meir enn gruppa som hadde ete vanleg mat.

– Dei siste tiåra har vi blitt vande med å eta ein meir amerikanisert diett. Så vi skal tilbake til røtene og sjå kva vi kan produsera som smakar fantastisk i dei nordiske landa. Og vi skal læra av gamle oppskrifter som vi kan modernisera til å smaka fantastisk med nordiske råvarer, seier Thomas Meinert Larsen, dosent ved universitetet i København og ein av forskarane bak studien, til Sveriges Radio.

LES OGSÅ: Fleire bekymra for soppforgifting

Steinalderkost
Den nordiske dietten inneheld såkalla steinalderkost og er sett saman av klassiske nordiske råvarer som bær, rotfrukter, sopp, fullkornsbrød, rapsolje, fisk og viltkjøt.

Tanken er at maten skal fungera som eit miljømessig meir berekraftig alternativ for oss som bur i Norden. Til dømes har nordisk rapsolje og olivenolje frå Middelhavsområdet mange liknande eigenskapar.

Også tidlegare studiar har vore inne på at nordisk mat kan vera like bra for folkehelsa som den meir hylla middelhavskosten.

LES OGSÅ:– Manglande skulemat er ei krise

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE