Fleire bekymra for soppforgifting

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Giftinformasjonen har fått meir enn 400 meldingar om sopp så langt i år. Det er 15 prosent meir enn gjennomsnittet for same perioden dei siste ni åra.

– Vi synest det er ein ganske stor auke, men det er jo ein god soppsesong i år, seier seniorrådgivar Kristin Opdal Seljetun i Giftinformasjonen i Helsedirektoratet til NTB.

LES OGSÅ: Friår i frisk friluft

– Sytti prosent av meldingane gjeld barn. Dei er gjerne ute i hagen og finn ein sopp dei puttar i munnen, og så blir foreldra bekymra og ringjer oss. Men i dei aller fleste tilfella er det ikkje fare for forgifting, seier ho.

Dei aller fleste forgiftingstilfella dei siste åra gjeld likevel ikkje barn, men vaksne som har forveksla giftig sopp med matsopp.

– Vaksne et måltid, mens barn smakar. Da blir det òg meir skummelt for dei vaksne, seier Opdal Seljetun.

LES OGSÅ: Den skumlaste turisthytta?