Joachim Kroken Åsebø, Møre-Nytt
Joachim Kroken Åsebø, Møre-Nytt

– Det var veldig kjekt å få beskjeden, og det er kjekt å få sjansen til å sykle VM. Det er få som får oppleve eit VM på heimebane gjennom si aktive karriere, og det er kult at eg får den sjansen, seier Robin.

LES OGSÅ: Vann over sjukdommen, siktar mot VM

– Lære mest muleg
Verdseliten i terreng- og utforsykling samlar seg måndag på Hafjell og Lillehammer. For første gang på mange år vert eit slikt meisterskap arrangert på norsk jord, og Robin, som er 1. årsjunior, skal få måle krefter mot dei beste utforsyklistane i juniorklassa. Voldingen køyrer for SK Rye, men bur i Volda og har starta på vidaregåande i Ørsta. I fjor tok han NM-sølv i klassa 15–16 år, og i år er han med å kjempar om gjævaste medaljane samanlagt i Noregscupen for juniorar.

– Det er eit lite miljø i Volda, men eg skulle gjerne sett at fleire vart med og at fleire fekk auga opp for sporten.

Under VM ynskjer den talentfulle utforsyklisten først og fremst å lære.

– Eg vil prøve å lære mest mogleg, og resultatet er ikkje så nøye. Eg skal likevel gjere mitt beste, og det vert kjekt å måle seg litt mot dei beste i verda.

Komande søndag reiser Robin sørover, og måndag startar VM. Frå tysdag til fredag har syklistane treningsrundar i løypa, og fredag er det klart for ein seedingomgang. Laurdag er det igjen trening før finalen går søndag.

LES OGSÅ: – Meir godtatt at jenter trener styrke

Norgescupen
Helga etter at VM er over ventar sesongavslutninga i Noregscupen for juniorar. Her ligg Robin på ein fjerdeplass samanlagt, og om han lukkast i det siste rittet for sesongen så kan det verte ein pallplass.

Interessa for utforsykling starta med at Robin byrja å hoppe litt med vanleg sykkel.

– Eg heldt også på med litt terrengsykling då eg var yngre, men eg fann ut at å sykle oppover ikkje var like kjekt som å sykle nedover. Etter kvart så fann eg ut at det var ein sport rundt utforsykling. Eg veit ikkje kor mange timar eg brukar på sykkelen kvar veke, men eg er på sykkelen kvar dag. Det vert stisykling i vekene, og så vert det utforsykling i helgane.

– Du kjem ikkje til å gi deg med utforsykling med det første?

– Eg har ingen planar om det, seier 16-åringen med eit smil.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE