Venstre avgjer pokersaka

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag går høyringsfristen ut for spørsmålet om legalisering av poker-NM og private pokerlag, skriv Stavanger Aftenblad.

Misnøgd med forslaget
Regjeringspartia har berre fleirtal på Stortinget for å legalisere poker om Venstre blir med.

I desember 2013 fekk Lotteritilsynet i oppdrag å skissere korleis poker kan spelast og arrangerast lovleg i landet. Det er dette forslaget som no er ute på høyring.

– Det må nok gjerast ein del endringar før vi kan arrangere eit NM i poker her i Noreg, seier Ib Thomsen (Frp) i familie- og kulturkomiteen på Stortinget.

Han får støtte frå første nestleiar i partiet Per Sandberg.

– Høyringsforslaget er rett og slett ikkje godt nok, seier Sandberg.

Etterlyser rammer
Venstre har allereie programfesta at dei vil gjere pokerspelinga lovleg i Noreg, men er opptatt av det som kjem fram i høyringsrunden.

– Vi må sjølvsagt rette oss etter høyringssvara. Kjem det fram nye opplysningar, må vi ta dei inn over oss, seier Rogalands representant frå Venstre, Iselin Nybø.

Ho etterlyser klare rammer for organiseringa av pokerspelet og er klar på at ikkje kven som helst kan arrangere dette. (©NPK)