Levde med dobbelt sett foreldre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dobbelt sett foreldre

No deler Agersborg historia si i håp om at det er fleire som vil melda seg.

Saka vart først publisert hos Sunnhordland

– Når du bur på institusjon, så har du 20 forskjellige vaksne å forhalda deg til, som alle gir deg forskjellige reglar. Du blir heilt ko-ko, og har ikkje lyst å ha eit forhold til nokon av dei, seier Joachim Solheim Agersborg (20) frå Stord.

LES OGSÅ: – Barn får munnkorg om overgrep

Fire foreldre
For fire år sidan fekk han flytta frå barnevernsinstitusjon til ein fosterfamilie på Stord, nærmare bestemt Lindi og Øystein Brandvik, og dei to barna dei hadde på dette tidspunktet. I eitt år hadde han fast bustad i heimen deira, sjølv om han var saman med sine biologiske foreldre annan kvar helg.

– Joachim har foreldre som han er glad i, men på dét tidspunktet han budde hos oss, trong han litt hjelp med overgangen frå det å vera barn til å bli vaksen, seier Lindi Brandvik (31).

Joachim fortel at han ikkje treivst så godt på barnevernsinstitusjon, men at han hadde ei god oppleving då han budde hos Lindi og Øystein Brandvik.

– På barnevernsinstitusjonen møtte eg mange reglar og sure fjes. Hos Øystein og Lindi møtte eg litt reglar og blide fjes, seier 20-åringen.

Lindi fortel at kjemien mellom henne og Joachim var veldig god frå starten av, og ho forstår at han hadde det vanskeleg på institusjon.

– På ein institusjon har dei nok mange reglar som gjeld for alle, og det er ikkje rom for å endra på nokon av dei. Det er ikkje alltid at alle reglar passar for alle, og når du kjem til ein fosterfamilie er det meir rom for tilpassing etter behov, seier Brandvik.

Det var ikkje alltid Joachim var samd i alle reglane hos familien Brandvik heller, men då fekk han vera med å diskutera.

– I ein familie er det mogleg å samarbeida om kva reglar som gjeld. Så har du sjølvsagt nokre ting du legg ned veto på, seier fostermora.

– Eg tykkjer dette var den største forskjellen då eg flytta heim til Lindi og Øystein. Eg følte eg blei møtt med forståing frå første stund, seier Agersborg.

LES OGSÅ: Studie: Ein av seks unge har sjølvmordstankar

Starten
Øystein og Lindi Brandvik kjem begge frå relativt vanlege A4-familiar på Stord. Det var først då dei hadde vanskar med å få fleire søsken til sonen deira, at tanken om å melda seg som fosterheim dukka opp.

– Det var vel Lindi sin idé. I utgangspunktet er eg alltid skeptisk til nye ting, men me diskuterte oss fram til det, seier Øystein Brandvik (35).

Dei melde seg på eit opplæringskurs for å bli fosterforeldre, som varte i rundt åtte månader.

– Som så mange andre fosterforeldre, kunne me tenkja oss å ta imot eit barn på mellom 0 og 2 år då me melde oss. Dei fleste ynskjer å ta imot relativt små barn, fordi ein kanskje tenkjer at det følgjer meir bagasje med eldre barn. Slik er det nødvendigvis ikkje, seier Brandvik.

I 2008 var paret i gang med opplæring og kurs, og i 2009 fekk dei ei jente på tre år.

– Ho var berre nokre månader yngre enn vår eigen son, seier småbarnsmora.

Det er som regel ikkje alderen som er avgjerande når eit barn skal plasserast i ein fosterheim.

– Det er ofte slik at dei finn sider og eigenskapar hos fosterfamiliar som kan matcha med barnet, og så tek dei ein telefon til den aktuelle familien. Me fekk verken sjå bilete eller namn på jenta, men me fekk vite litt om henne, og kva type plassering som var tenkt. Ho har langtidsplassering hos oss, og det har minsteguten vår også, seier Lindi.

Storebror
I dag har Lindi og Øystein tre barn som bur heime hos seg. Den biologiske guten deira og fosterjenta har no blitt åtte år. Paret har også ein fosterson på fire år.

Då dei fekk jenta i 2009, gjekk det ikkje så lang tid før det også dukka opp spørsmål om dei kunne tenkja seg å ta imot ein ungdom på 16 år.

– Gjennom prosessen me var igjennom før me tok imot små barn, oppdaga me at me i ikkje hadde noko problem med å ta imot ungdommar. Me blei faktisk veldig interesserte i å hjelpa ungdommar også. Sjølv om me kanskje ikkje hadde tenkt oss at det passa på akkurat dette tidspunktet, så takka me ja då me fekk telefonen. Og me er godt nøgde med at me tok dette valet, seier Lindi Brandvik.

Det var sommaren 2010 at Joachim flytta inn til Lindi og Øystein.

– Då eg skulle flytta i fosterheim, fekk eg spørsmål om kva eg kunne tenkja meg. Det viktigaste for meg då, var at eg ville heim til Stord. Eg var heldig som fekk Lindi og Øystein, seier Joachim Agersborg.

Oppussing
I løpet av det første møtet fekk Joachim sjå rommet sitt. Eit kott fullt av øskjer.

– Det var ikkje akkurat eit flott rom, men eg skjønte på eit tidspunkt at dei tulla, fortel 20-åringen.

På nokre få veker, blei rommet forvandla om til eit nyoppussa ungdomsrom med ny seng og skrivepult.

– Eg budde der berre eitt år. For min del kunne eg budd lenger, men Barnevernet meinte at eg ikkje trong bu der lenger, fortel 20-åringen.

Reportasje: Livet som ekstrapassasjer

Han og faren fekk god kontakt igjen, og difor flytta han heim til barndomsheimen att.

– Då eg flytta heim igjen, så slapp eg å ha innetider. Det å ha innetider og slikt var vel den største overgangen for min del, i forhold til det å bu på institusjon og i fosterheim. Det har eg aldri hatt før, seier Agersborg.

– Eg trur du sa at me var ganske unormale, seier Lindi, når dei snakkar om diskusjonen rundt innetidene. Ho har eit stort smil om munnen.

LES OGSÅ: Uroa for sårbare Oslo-barn

Ut på tur
Trass i ulike oppfatningar av kva som var normalt og ikkje, tok det ikkje lange tida før Joachim fant seg til rette i den nye heimen sin.

– Det første me gjorde var å reisa på ferie til Kristiansand dyrepark. Me reiste saman med søster mi og hennar to tenåringsjenter, der me grilla og koste oss. Me budde i leilegheiter vegg i vegg, og sat lenge oppe om kveldane og prata. Me bada på strendene og gjekk i dyreparken. Sidan me hadde små barn med oss, valde me å legga turen dit, fortel Lindi.

Praten har vore ein viktig del av forholdet deira heilt frå starten av.

– Me har hatt mange gode samtalar ute i dei seine nattetimar. Joachim var mest ivrig på å prata om kvelden, etter at dei minste barna hadde lagt seg. For min del var det viktig å møta han der han var. Akkurat det med seine tidspunkt er sikkert ikkje heilt etter boka, men eg valte å ha fokus på alt som var bra. Og det var at han i minste var heime, seier Lindi.

– For min del, så hadde eg søvnproblem på denne tida, og difor var det veldig greitt for meg å få sitje å prate litt sidan eg var vaken uansett, seier Agersborg.

– Det går litt på at du som fosterforeldre skal møta barna der dei har behov, og ikkje på dine eigne premissar. Dersom me hadde fått eit barn med andre behov, så hadde me prøvd å møta barnet der dette barnet var, seier Lindi.

Sjølv om Joachim no er flytta ut, har han framleis kontakt med Lindi og Øystein. For ei tid tilbake, inviterte Bufetat dei to til å fortelja om erfaringane sine på rekrutteringsmøte for andre som vurderer å vera fosterforeldre.

– Joachim og eg har funne ut at dette har vore veldig hyggjeleg, og så får me litt tid saman også. Me plar alltid avslutta med ein liten middag eller noko, seier Lindi.

Ho fortel at han alltid er velkommen innom, sjølv om det ikkje blir så veldig ofte.

– Me hadde mykje latterkrampe då Joachim var i huset. Eg trur ikkje eg har ledd så mykje, som på den tida han budde hos oss. Eg tykkjer det er viktig å kunne le mykje, sjølv om livet kan vera vanskeleg og tragisk.

LES OGSÅ: Hopp gjerne over frukosten

Interesserte
– Korleis har dei andre i familien reagert på at de har teke til dykk fosterbarn?

– Dei var nok litt undrande til kven denne guten var, i og med at han var så mykje vekke. Men i kaffiselskap fekk dei helsa på han. Besteforeldra spør som regel om korleis det går med kvar enkelt barn, og då Joachim kom inn i familien vår, fekk dei ein ekstra gut å følgja med på. Dei spør etter han no også, sjølv om han er flytta ut, fortel Lindi.

Ho seier at livet som fostermor har forandra livet hennar drastisk.

– Sjølvsagt til det betre. Eg føler at eg har blitt ein betre meg, og at eg har komme sterkare ut av morsrolla. Alt i alt har det vore berikande for oss, sjølv med dei opp- og nedturane som dette har ført med seg, seier 31-åringen.

Den største nedturen kom etter at dei måtte levera frå seg ein liten gut, som dei eigentleg hadde sett føre seg å ha hos seg til han blei vaksen.

– Du kan velja å vera bitter, eller å gå vidare. Me valte å gå vidare, sjølv om det var tøft, og ei stor sorg då me mista han, seier Lindi.

Les også: Borna som treng ein hjelpande heim

Verken ho eller mannen, Øystein, legg skjul på at det kan vera tøft å vera fosterforeldre. Men det gir også veldig mykje positivt til familien.

– Når du får kikka innanfor fosterheimsomsorga, og du ser kor mange barn som ikkje har fått gode oppvekstvilkår, så gir dette deg eit ynskje om å få kunne gjera ein forskjell. Me forstod tidleg at me hadde eigenskapen til å ta vare på, forstå og gje omsorg til desse barna. For oss har dette vore det rette. Ingen barn er like, men fortener å bli sett og tekne vare på. A4-livet er for lenge sidan lagt vekk, normalen heime hos oss no, er at me er ein fosterheim, seier Lindi.

LES OGSÅ: Det skumle ved å bli vaksen