Abdiserer på Twitter

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Visste du at Christian Frederik på denne tida for 200 år sidan isolerte seg, djupt deprimert på Kongsgården på Bygdøy? Han heldt seg mest innandørs, tok berre i mot besøk av nokre få utvalde menn, åt for det meste åleine og la seg tidleg. Han som tidlegare hadde vore så nøye med sitt ytre, brydde seg ikkje lenger om korleis han gjekk kledd.

Etter at krigen mot svenskane var tapt, hadde Kong Christian Frederik gått med på å abdisere, men det skulle først skje etter at eit nytt storting var trådd saman. Han hadde fått si makt og verdigheit av Stortinget, og han hadde i forhandlingar insistert på å gi makta tilbake til det folkevalde organet som hadde valt han. Ein hemmeleg avtale, i tillegg til våpenkvila i Mossekonvensjonen, gjekk ut på at Christian Frederik straks skulle leggje den utøvande makta i hendene til Statsrådet. Det regjerte, diplomatisk formulert, ”etter allerhøgaste befaling”. Då var det opp til den enkelte om det skulle tolkast slik at befalinga kom frå den norske kongen, som enno ikkje hadde abdisert, eller den svenske kongen.

For 200 år sidan stod Statsrådet midt i ei krevjande tid. Svenske styrkar okkuperte ein del av landet aust for Glomma, samstundes som svenske kommissærar i Moss krevde sitt for å få etablert unionen mellom Noreg og Sverige. Dessutan meinte folk høglytt at krigen mot svenskane hadde blitt ført for dårleg og gjeve opp for tidleg. Innkallinga av nytt storting skulle også bli iverksett.

LES OGSÅ:Christian Frederik på Twitter

Dei som har følgt @ChrFrederik  fram til no, og som vil vite meir om den politiske utviklinga dag for dag dei neste månadene i det innhaldsrike året 1814, kan følgje @Statsraad1814 fram til jul i år. Tvitringane er eit utval frå forhandlingsprotokollen til statsrådet frå hausten 1814. Dei vil handle om både storpolitikk og andre spørsmål av meir allmenn karakter.Svar på eventuelle spørsmål eller kommentarar frå følgjarar av @statsraad1814 vil bli gitt av @FureEli (Eli Fure, underdirektør, Riksarkivet).

For følgjarar av Christian Frederik på twitter (@ChrFrederik) vil det framleis kome tvitringar frå han, heilt til han forlet Noreg for godt, den 26. oktober 1814. Men sidan han no har trådd til sides, sjuk og deprimert, ytrar han seg sjeldnare enn før.

QUIZ: Kva veit du om Grunnlova vår?