Kristin siktar mot verdstoppen i golf

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Siktar mot verdstoppen

– Det som er viktig er at eg kjem ein plass der eg får speletid, seier Kristin Simonsen.

Jenta frå Skansen i Bergen, spelar golf for Meland golfklubb og er nett byrja på siste året på Norges Toppidrettsgymnas.

– Fleire skular vil ha meg
– Det er kjempebra for meg å gå på NTG. Her får eg trena kvar dag, både fysisk trening og med idretten din. Vi hjelper kvarandre og backar kvar andre opp, seier ho.

LES OGSÅ: Uvurderleg for Meland-idretten

For det er ikkje berre berre å kombinera skule og idrett på høgt nivå.

– Vil du bli best må du senka krava på skuledelen. Fokuset ditt skal ikkje vera mest der, det er idretten som står i fokus, seier ho.

Sjølv legg ho ikkje skjul på at det er golfspelar på fulltid som er målet.

Men fyrst er det meir utdanning som står på planen.

– Eg vil på college til neste år, seier ho.

Ho er alt i kontakt med fleire skular om ein plass på laget der.

– Men eg har ikkje bestemt meg enno, eg må ta omsyn til kva som høver meg som golfspelar, seier ho.

– Det er ein del skular som vil ha meg, men det er ikkje nødvendigvis dei beste laga. Det som er viktig er at eg kjem ein plass der eg får speletid, seier ho.

LES OGSÅ: Dannar eigen golf-allianse

Ho seier at ho difor må tenka taktisk.

– Det er ikkje nødvendigvis rett å velja dei best ranka skulane heller, peikar ho på.

Mellom anna kan ho få meir i stipend ved å velja skular litt lenger nede på rangstigen.

– Det er ein vanskeleg prosess med masse å ta omsyn til, innrømmer ho.

Frustrerande sesong
Draumen hennar er å hamna i anten California eller Florida.

– Eg tenker masse på dette, og må bestemma meg før jul, seier ho.

Sesongen 2014 har vore ein svært frustrerande sesong for Simonsen, der ho ikkje har fått ting til å losna, før i det siste.

– Eg hadde ein veldig bra sesong i fjor, og ville gjera det betre i år, seier ho.

LES OGSÅ: Jobbar dugnad for millionar

Men slik har det ikkje gått, og det er berre dei siste par turneringane ho er nøgd med. Mellom anna i helga, då ho vann den sjette runden i norgescupen i golf på heimebane.

– Denne helga synst eg at eg spelte solid og jamt heile vegen. Sidan eg ikkje har vore i toppform denne sesongen, tykkjer eg det er gøy at det losnar no, seier ho.

– Det er alltid ei god kjensle når ein må jobba for sigeren, seier ho.

I fjor vann ho norgescupen, og det var og målet i årets sesong.

– Men eg har vore nøydd til å endra på det undervegs, seier ho.

Simonsen er ranka som den 85. beste kvinnelege juniorgolfaren i verda i år, og den klart beste norske kvinna på statistikken.

LES OGSÅ: Clinton-effekt for Meland Golf

Ho innrømmer at den dårlege sesongen har påverka ho.

Bestefar er ivrigast
– Ein vil jo visa framgang heile tida. Det er mange rundt deg som brukar tid, pengar og krefter på deg. Ein vil jo visa dei resultat for jobben ein gjer, seier ho.

Ho har alltid nokon i familien som er med ho på turneringane rundt om. Då særleg bestefar Jan Steinar Simonsen.

– Eg har carte blanche frå kona til å vera med, seier han.

Han seier han er stolt over kva barnebarnet får til.

– Det er enkelt å seia ja då, seier han.

Golfinteressa har Kristin og familien fått gjennom faren, som byrja å spela det medan han jobba i England. Medlemer i Meland golfklubb har dei vore sidan bana opna.

– Kristin var ammejente då ho vart fullt betalande medlem her, seier ein stolt bestefar.

LES OGSÅ: 100 hol på 24 timar

Kristin er stolt over støtta frå morfaren.

– Han likar å gå langt føre og sjå etter ballane. Han er tidlegare fotballmann og veit kva det går i, når ein driv med idrett på høgt nivå. Og så er det kjekt å ha eit så ivrig familiemedlem, seier ho.

Faren er nøgd med støtta dei får frå klubben hennar.

– Meland har mykje av æra for at ho har fått denne moglegheita. Dei har vore flinke til å backa ho opp og eg håpar dei har moglegheita til å halda fram med det, seier pappa Jørn Eirik Berntsen.

Kristin sjølv er og godt nøgd.

Suzann Pettersen
– Eg likar Meland veldig godt. Det er gode treningsfasilitetar der. Det er ei 18-hols bane som utfordrar deg på alle måtar, ein må tenka ut kvart slag for å få det til. Eg elskar den bana, og tykkje det er like gøy å spela der kvar gong, seier ho.

LES OGSÅ: Bill Clinton på Meland Golf

Sjølvsagt er Suzann Pettersen det store forbilde.

– Ho er førebels den einaste norske kvinna som har komme i verdstoppen. Ho er norsk, beintøff og er tydeleg på måla sine, seier ho.

– Vert du den neste norske kvinna i verdstoppen?

– Eg håpar på det. Eg satsar på det. Realitetane er alltid der. Avgrensinga er berre deg sjølv. Ting står på spel og ein møter alltid motgang. Men då må ein berre bygga seg opp og verta betre på den måten.

– Ein veit aldri kva som dukkar opp, ein må berre vera på rett stad til rett tid.

Saka var først publisert i Avisa Nordhordland.