Arne Brimi har vore med på å starta Norsk Smaksskule for at fleire skal kjenna naturlege smakar.

mm
Faktaboks

Norsk smaksskule er ein aksjon i regi av Norsk Kulturarv for å gje born flest mogleg ekte smaksreferansar, og auka medvitet om smak, ernæring, identitet, råvarer og matglede. Arne Brimi er blant initiativtakarane til aksjonen.

Her er smakane alle bør læra:

Molte
Blåbær
Tyting
Rips
Solbær
G-35 (Gudbrandsdalsost)
Reinsdyr
Gravensten
Ulike typar sukker
Ekte sjokolade
God gulrot
God sellerirot
Kålrot
Vanilje
Torsk
Aure
Laks
Kveite
Vatn og vatn frå flaske

LES FAKTALUKK FAKTA

G-35, molter og blåbær er smakar alle bør kunna, ifølgje Arne Brimi – meisterkokken som gjorde sjalottlauken for alvor kjent for norske tv-sjåarar.

– Ville blåbær har heilt andre aromastoff enn dei blåbæra du får kjøpt i butikken. Viss me gløymer dei naturlege smakane, blir det enklare for industrien å lura oss, åtvarar han.

LES OGSÅ: Forskar på lokal smak

Smak på pensum
Norsk Smaksskule starta sist veke opp fleire kurs for lærarar og barnehagetilsette for å setja fokus på rikdommen av smakar.

– Plantar me dei naturlege smakane i harddisken på borna tidleg, så gløymer dei ikkje desse. Då får dei referansar som dei kan smaka seg til seinare, understrekar Arne Brimi, som har drive matstaden Vianvang i Vågå i fleire år.

Han seier det er avgjerande at born blir lært opp i norske smakar frå molte, solbær, torsk og kålrot.

– Det er òg veldig viktig å kjenna smaken av det som ein haustar i nærområdet samanlikna med mat frå andre stader.

Brimi er særleg opptatt av at ein skal kunne skilja mellom industrielle og naturlege produkt.

– Mange aviser som samanliknar ulike industrielle produkt, tar sjeldan med i samanlikninga naturlege, heimelaga produkt.

Viss ein samanliknar seks fabrikklaga syltetøy med heimelaga, er ikkje Brimi sikker på at det ville bli delt ut så mange høge karakterar til dei fabrikklaga produkta.

– Dei som har kommersielle interesser er ikkje så opptatt av livskvaliteten med naturlege smakar, slår Arne Brimi fast.

LES OGSÅ: Økologisk mat fall i smak

Trenar intelligensen
Einar Risvik er kjent som ein av Noregs fremste på smak og ernæring. Han har doktorgrad på smak, og har tidlegare vore forskingsdirektør ved NOFIMA. Han meiner òg det er viktig å kjenna til å kunne skildra smakar og lukter frå naturlege råvarer.

– Ingenting er i hovudet før det har gått gjennom sansane våre. Det er ein samanheng mellom intelligensen vår og bruken av sansane våre. Skildringa av noko er annleis enn kjenslene våre. Å kunne skilja korleis noko smakar, er noko anna enn å seia om ein likar noko eller ikkje.

Trenar ein på dette, trenar ein òg begge hjernehalvdelane, ifølgje Risvik. Han viser til at det finst om lag tre millionar lukter som er kjent.

– Skular som trenar ungane sine i å lukta og smaka, får det tilbake i matte og norsk, hevdar Einar Risvik.

LES OGSÅ: – Smak på maten før du serverer

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE