Solberg talar på antiislamistisk demonstrasjon
Statsminister Erna Solberg stadfestar at ho skal halda appell under demonstrasjonen mot IS og Profetens Ummah framfor Stortinget måndag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Under fredagsbøna oppmoda moskear over heile landet muslimar til å mobilisera mot Den islamske staten og den norske organisasjonen Profetens Ummah, fortel TV 2.
Fredag ettermiddag stadfesta presseansvarleg ved Statsministerens kontor overfor kanalen at Solberg vil halda ein appell under demonstrasjonen.
Deltakarlista på Facebook-sida til demonstrasjonen veks raskt.
LES OGSÅ: Sjokkert over prisforskjellane på mat
Ber alle delta
– Det er både organisasjonar og enkeltpersonar som har meldt seg på. Vi er glade for at mange kjem til å stilla opp på måndag for å visa avskyen sin mot terror, seier generalsekretær i Islamsk Råd Norge, Mehtab Afsar.
Oslo Arbeiderparti har bedt alle innbyggjarane i byen om å delta i den tverrpolitiske markeringa.
LES OGSÅ: Vi treng meir forsking om sexkjøpslova