Politiets tryggingsteneste (PST) får mange tips på Facebook. No vurderer dei å bli meir aktive på det sosiale mediet.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

PST fekk mykje merksemd da nokon retta ein terrortrussel mot Noreg i sommar. Sjølv om etterretningstenesta ikkje publiserte eitt einaste ord på Facebook den veka det stod på, fekk PST dobbelt så mange følgjarar.

LES OGSÅ: Når tala er viktigare enn resultatet

– Når utviklinga er slik på ei side som nesten er død, viser det at vi har eit potensial. Eg trur nok at vi om relativt kort tid kjem til å revurdere bruken av Facebook-sida, seier seniorrådgivar Martin Bernsen i PST til Politiforum.

PST har vore på Facebook lenge, men valde å trappe ned aktiviteten fordi folk la ut truslar og sjikane på sida. Det toppa seg da nokon la ut ein Muhammed-karikatur på sida i 2010. No trur PST tida er inne for å revurdere strategien.

– Vi får mange tips på Facebook, og særleg om ting folk finn på internett. Det kan vere at dei ber oss sjå på bestemte personar, seier Bernsen.

LES OGSÅ: Meiner terroralarmen skapte unødvendig frykt

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE