Politikarane har sett «styringsmål» for å gjera politiet betre. Resultatet har vorte at politiet må prioritera dei sakene som pyntar rekneskapen mest, ikkje dei sakene som gjer at folk kan kjenna seg mest mogeleg trygge.

Therese Sollien, Dag og Tid
Therese Sollien, Dag og Tid

Gjennomsnittleg oppklåringsprosent for alle typar kriminalitet i Noreg skal vera på 38 prosent. Korleis kan det ha seg at oppklåringsprosenten til politiet for all kriminalitet i fjor var nett 38 prosent?

Lat oss sjå føre oss at det er ein mørk og stormfull aftan: Eit brotsverk har gått føre seg i Andeby. Nokon har brote seg inn hjå Bestemor Duck og stole perlene hennar! Veka etter går det same føre seg, men denne gong­en er det hjå Dolly Duck det har vore innbrot. Perlene hennar er òg forsvunne, og Politimeister Fiks byrjar etterforska.

Førebels står han utan konkrete spor i saka, men sidan det er perler som har vorte stolne i båe innbrota, reknar Fiks med at det er den same brotsmannen som står bak. Innbrota er nett slike som Mikro-Midas plar stå bak, so Mikro-Midas får status som mistenkt i saka.

Men ved nærare ettersyn viser det seg at Mikro-Midas sat i fyllearresten i Gåseby båe helgane, so han har alibi for dei aktuelle tidsroma. Dimed vert Mikro-Midas sjekka ut or saka. Er saka då oppklåra? Sjølvsagt ikkje, men sidan oppklåringsprosent vert rekna i personar, ikkje i saker, er oppklåringsprosenten i denne saka alt 50 prosent, for mellom Mikro-Midas og den ukjende brotsmannen er helvta alt oppklåra, jamvel om korkje det fyrste eller det andre innbrotet har vorte oppklåra, og korkje Bestemor eller Dolly har fått perlene attende.

Slikt går sjølvsagt berre føre seg i Andeby. Eller? Nei då, slikt går føre seg i Noreg heile tida.

Styringsmål
«Ikkje alt som tel, kan teljast, og ikkje alt som kan teljast, tel», sa Albert Einstein, men for politikarar som ikkje sjølve arbeider i politiet, er nett det som kan teljast, det lettaste å handsama når dei skal avgjera korleis politiet skal verta betre.

Sjølv meiner politiet at dei har hamna i ei klemme. På den eine sida har dei eit samfunnsoppdrag, som er å førebyggja og kjempa mot kriminalitet og skapa tryggleik der folk bur. Eller for å seia det med fyrste paragraf i politilova:

«Politiet skal gjennom forebyggende, håndhevende og hjelpende virksomhet være et ledd i samfunnets samlede innsats for å fremme og befeste borgernes rettssikkerhet, trygghet og alminnelige velferd for øvrig.»

På den andre sida krev politikarane at politiet skal verta meir effektivt og redusera kostnadene. Og her kjem dei sokalla styringsmåla inn.

Mål- og resultatstyring vart innført som styringsform i politi- og lensmannsetaten alt i 1996. Men det var fyrst i 2006 at politiet fekk eit verkty til å setja styringsforma i verk. PSV heiter det: «Politimesterens styringsverktøy».

Måltala i PSV seier kva politiet skal arbeida med, og kva dei skal prioritera. Dei sokalla styringsparametrane, eller måla, er det ikkje noko å seia på. Styringsparametrane er slikt som brotsverk, oppklåringsprosent, saksførehavingstid, tryggjingskjensla til ålmenta, og so bortetter. Men korleis tel dei?

LES OGSÅ:Offer på vent

Brotsverk
Lat oss venda attende til Andeby. Sidan oppklåringsprosent er mellom dei viktigaste styringsparametrane, må Politimeister Fiks syta for å oppklåra so mange av brotsverka som mogeleg. Eller?

I Andeby har det to helgar på rad vore innbrot hjå Gjertruds Oase, butikken som er kjend for å selja framifrå iskrem. Politiet står endå ein gong utan spor i saka. Men den tredje helga snåvar Politimeister Fiks plutseleg over tre lokale kjenningar – Svarte­petter, Spøkjelseskladden og Magica frå Tryll – medan dei knuser ruta til Gjertruds Oase. Alle tre vert gripne, og alle tre er rusa på amfetamin. Svartepetter og Spøkjelseskladden har båe nokre gram amfetamin på seg når dei vert gripne, og dei går ved å ha kjøpt stoffet dagen før. Magica frå Tryll køyrde dei tre i ein bil med falske skilt (dokumentfalsk!). Dei tre får dom på alt, med unntak for dei to fyrste innbrota, som ingen går ved å kjenna til, og som ikkje kan verta prova. Korleis vert statistikken?

• Oppklåra innbrot: tre saker, éi sak per brotsmann (straffelova § 258, jf. § 257)
• Oppklåra dokumentfalsk: éi sak (§ 182)
• Oppbevaring av narkotika: to saker (§ 162, fyrste ledd)
• Kjøp av narkotika: to saker (§ 162, fyrste ledd)
• Uoppklåra brotsverk: to saker; ingen mistenkte, éi sak per innbrot

Då vert statistikken slik: 8 oppklåra saker og 2 uoppklåra. Oppklåringsprosenten er 80. Jamvel om to av tre innbrot framleis er uoppklåra, er sakene altso 80 prosent oppklåra.

Prioriteringar
Når det no har vorte slik at det er tala som tel, ikkje sakene i seg sjølve, tilseier ordninga at politiet skal prioritera det som gjev høg oppklåringsprosent. Kva saker er det?
På den eine sida må politiet prioritera dei verste sakene, som drap og anna grueleg kriminalitet. På den andre sida må dei nytta ressursane til å driva opp statistikken på oppklåring, elles når dei ikkje måla dei har fått frå politikarane.

Sakene som er enkle å oppklåra, er til dømes små narkotika­saker. Om politiet stoggar ein mistenkjeleg type på gata, og vedkomande har meir enn to brukardosar narkotika på seg, er det eit brotsverk som vert oppklåra på staden. Kvar gong nokon vert stogga og ransaka, skal det eigenleg verta teke opp sak, men i røynda er det berre dei døma der vedkomande faktisk har stoff på seg, det vert sak av, for dei gjev 100 prosent oppklåring og driv den totale statistikken i positiv retning.

Andre saker som gjev 100 prosent oppklåring, er dei sakene som har å gjera med mistenkte under femten år. Kvifor? Av di «oppklåring» i etterforskings­samanheng berre tyder at politiet har teke ei avgjerd på om dei skal reisa påtale eller ikkje; det tyder ikkje at nokon får ein dom for det aktuelle brotsverket. Om den mistenkte er under femten år – med andre ord under kriminell låg­alder – skal det sjølvsagt ikkje reisast påtale, difor vert sakene 100 prosent oppklåra kvar gong.

Det tyder òg at dei mellomviktige sakene hamnar mellom to stolar. Dersom saka ikkje er nemnd i mål- og prioriteringsskrivet til Riksadvokaten, må politiet prioritera den sakstypen som gjev best statistikk.

LES OGSÅ:Vil innføre droner i politiet

Rett kode gjev rett resultat
Gjennomsnittleg oppklåringsprosent for alle typar kriminalitet i Noreg skal vera på 38 prosent. Men kva tyder det? Då politiet i 2011 presenterte ein oppklåringsrate på nett 38 prosent, opp frå 34 prosent året før, vart Riksrevisjonen mistenksame. Kva var det som gjekk føre seg?

Jamvel om dei ikkje fann prov for at politiet var skuldige i medviten eller umedviten triksing med tal for å nå måla, meinte dei at tala var upålitelege, og Justis- og politidepartementet var samde:

«Departementets vurdering er at beregningen av den gjennomsnittlige oppklaringsprosenten har svakheter som måleparameter for om politidistriktene arbeider riktig med de vinningsforbrytelser som blir anmeldt», skreiv dei i rapporten. Kva meinte dei med det?

For det fyrste meinte dei at mange av sakene i talmaterialet var saker som politiet gjer best i å leggja bort. Som dei skriv: «en viktig faktor for å oppklare vinningsforbrytelser er politiets og påtalemyndighetenes evne til å sile ut de anmeldte sakene som ikke bør etterforskes, slik at ressursene brukes på saker som kan oppklares. Dette dreier seg om å henlegge saker uten nevneverdige spor, og saker hvor det foreligger bevis som kan innhentes og etterforskes, men hvor politijuristen ut fra erfaring ser at saken uansett ikke vil holde til domfellelse».

Det tyder at når det dreiar seg om saker som tjuveri og liknande, der politiet står utan spor, er det best å leggja saka bort med ein gong, elles går det utover oppklåringsprosenten. Dei har ikkje ressursar til å etterforska slikt, og ofte er det i tillegg slik at om dei har prov, er ikkje prova gode nok til å halda i retten. Då er det berre å gjeva opp fyrst som sist, elles vert statistikken dårleg.

Men det er ikkje berre tjuveri politiet gjer best i å leggja bort. I saker om vald og lekamsskading seier lova at det må takast ei avgjerd på om det skal reisast påtale eller ikkje, innan 90 dagar. Men sidan ressursane er knappe, er det ikkje alltid dei når fristen. Då er det slik at om saka er eldre enn 90 dagar, er det betre å leggja bort saka enn å koma fram til ei påtaleavgjerd, for då påverkar det ikkje oppklåringsstatistikken: Det er det nemleg berre sokalla positive saker som gjer, altso dei sakene der det skal reisast påtale. Legg dei saka bort, er det dobbel siger, for då kjem ikkje saka med i statistikken over saksførehavingstid heller, som er eit anna styringsparameter. Eit so hjelpelaust system har politikarane laga til.

Ein annan nyttig kode er kode 022, som seier at det ikkje er rimeleg grunn til å etterforska: «Ikke rimelig grunn til å undersøke om det foreligger straffbart forhold.» Då forsvinn saka frå talgrunnlaget som vert nytta til å rekna ut oppklåringsprosent. Ei bortlagd sak er ei ikkje-sak.

LES OGSÅ:Samlar troppane mot Oslo-makta

Kva vil politiet?
Tidlegare i år gjorde Politihøgskolen ei undersøkjing der dei spurde ei rad driftseiningsleiarar i politiet om måltal og prioriteringar. Kva ville politiet? Jau, svaret var eintydig: Sentrale mål bør vera færrast mogeleg, sa politiet.

Politiet ynskte seg lokale mål med forankring i samfunnsoppdraget til politiet, sa dei og peika på at målstyringa slik ho vert praktisert no, gjer det vanskeleg for politiet å prioritera samfunnsoppdraget framfor styringsmåla. Politiet vil tryggja folkesetnaden og halda lova i hevd, men innsatsen deira vert ikkje målt.

Funna er kanskje ikkje so overraskande i eit system der politiet får betre statistikk av å leggja bort saker i staden for å setja brotsmenn bak lås og slå. Skal ein telja det som tel, er det kanskje betre å gjera som politiet gjer framlegg om i undersøkjinga: «å forankre styringsmål i samfunnsverdier og i mindre grad ha et instrumentelt perspektiv med sterk styring gjennom direktiver».

LES SAKA I DAG OG TID!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE