Sjokkert over prisforskjellane på mat

Tora Hope
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjokkert over prisforskjellane

Listhaugs eige departement har samanlikna prisane på importerte produkt, varer som verken har toll inn til Sverige eller Noreg. Dei har samanlikna prisane på matvarene ved Nordby Supermarket utanfor Strömstad med prisane i dei fire billigaste daglegvarekjedene i Noreg, skriv VG.

Matpris-testen viser at fleire av varene er både to og tre gonger så dyre i Noreg som i Sverige.

– Dette er totalt uhaldbart, og vi krev full gjennomgang med bransjen, seier Listhaug.

LES OGSÅ: Større smittefare på storbruk?

­

– Finst ikkje noko naturleg forklaring
Ministeren seier det høgare lønnsnivået i Noreg ikkje er nok til å forklare at ei vare som blir importert til begge landa, som ikkje har toll, kostar dobbelt så mykje i dei norske butikkane. Listhaug meiner det ikkje finst noko naturleg forklaring på det store spriket for mange av varene.

– Det er svært interessant å sjå på ostane, der matbransjen har trekt fram den norske landbrukspolitikken som den store årsaka til at prisane er så høge i Noreg. Undersøkinga vår viser at dei store prisforskjellane er der sjølv når osten ikkje har toll. Da er det andre årsaker, som importørane, matkjedene og produsentane må svare for. Ei årsak kan vere at dei bruker tollargumenta for å skru opp prisen.

LES OGSÅ: Jobbar for saktare mat

Departementet har allereie hatt møte med daglegvarekjedene og skal i nær framtid ha møte med dei fem største matprodusentane.

– Da forventar vi å få svar. Vi ønskjer å få fullt innsyn i kven som stikk av med kva i den prisen forbrukarane betaler for ei vare i butikken, seier statsråden.

Kiwi lover å setje ned prisane
Tidlegare i månaden kravde Listhaug også svar på kvifor matvareprisane auka med 3,2 prosent i juli. Dette er den største prisauken på ein månad sidan 1982.

Årsaka til prisauken på 3,2 prosent i juli var høgare prisar hos leverandørane og færre tilbodskampanjar. Kiwi-sjef Jan-Paul Bjørkøy seier til Aftenposten at prisauken var «heilt spesiell».

– Vi kjem til å setje ned prisane framover. Det kan eg seie med handa på hjartet, seier Bjørkøy.

Kiwi er lågpriskjeda til den største daglegvareaktøren i Noreg, NorgesGruppen, og har over 600 butikkar. I fjor var omsetnaden på 26 milliardar kroner. Kiwi-sjefen vil ikkje seie kor mykje prisane skal ned, men seier kjeda har budsjettert med «tøffare prisar».

LES OGSÅ: Listhaug vil la gardar selje sprit