Porno kan gi mindre hjernesubstans

Menn som ser mykje porno, har mindre grå substans i hjernen enn menn som ikkje ser mykje porno, syner ny tysk studie.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Porno dårleg for hjernen

Forskarane meiner at høgt pornoforbruk liknar andre typar påskjønningssøkjande åtferd, nyheitssøkjande åtferd og vanebruk, skriv nyheitsbrevet PsykNytt frå Helsebiblioteket.no.

LES OGSÅ: Verst på å oppsøkje skadelege nettsider

Fire timar porno i veka
Om pornoen endrar hjernen, eller om dei som har lite grå substans i utgangspunktet, lettare blir dratt mot pornografien, er meir uvisst.

Forskarane seier likevel til tidsskriftet Jama Psychiatry at det kan vere eit svakheit ved studien at opplysningane dei har lagt til grunn, er baserte på sjølvrapportering, og at temaet kan vere sensitivt for ein del av deltakarane.

Dei 64 mennene som deltok i studien, såg i gjennomsnitt fire timar på porno kvar veke, etter det dei sjølve oppgav. (©NPK)