Meiner vintersikker E134 er lønsam

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krefter på båe sider av Haukelifjell er utolmodige og vil ha fortgang i planane om ny E134 over og gjennom fjellet.


Å investere 6,9 milliardar kroner i ein heilt vintersikker veg over Haukelifjell vil vera samfunnsøkonomisk lønsamt, slår ein ny rapport fast. Vegen vil bli 14 kilometer kortare og ein sparar 30 minuttar på strekninga i høve til dagens køyretid. Utgreiingsarbeidet er gjort av Analyse & Strategi (Multiconsult) på oppdrag frå Haukelivegen AS.

Rapporten seier at E134 har potensial til å bli den kortaste vegen mellom Oslo og Bergen, og at det er mogleg med motorvegstandard dersom ein ynskjer det.

LES OGSÅ: Bergen-Oslo på 3,5 timar med ny veg

Har bruka nøkterne tal
– Tunellane er nykelprosjektet på E134, seier Børge Skårdal, dagleg leiar i Haukelivegen AS.

Han er glad for resultatet rapporten viser, og ser på han som viktig for å underbygge argumentasjonen for E134 som hovudkorridor, når kampen hardnar til.

– Me har bruka Vegvesenets eigne metodar for utrekning, og ikkje rekna inn nokon stor trafikkauke. Det er viktig for oss å presentere så nøkterne tal som råd, seier Skårdal.

Det er difor mellom anna ikkje teke høgde for trafikkauken som kan koma viss eit ferjefritt Bergen-Odda blir ein realitet, eller når Ryfast-sambandet mellom Stavanger og Ryfylke står klart.

Likevel viser altså rapporten at det ikkje vil vera samfunnsøkonomisk negativt å bygge ny veg over Haukelifjell. I det reknestykket blir utbyggingskostnadene sett opp mot nytten for alle dei som brukar vegen i det daglege. Både spart tid, redusert avstand, færre høgdemeter og bortfall av kolonnekøyring og stenging har verdi.

Dersom vegen blir 100 prosent vintersikker, vil det tiltrekke seg delar av trafikken som i dag brukar andre trasear, konkluderer rapporten. Men dette er altså ikkje teke inn i berekninga i denne omgangen.

LES OGSÅ: Her går høgfartstoget raskast

Framover med millimetersteg
Ordførar Arne Vinje i Vinje registrerer aukande satsingsvilje på E134 frå sentralt hald, sjølv om det er snakk om musesteg. Han seier det no til ein viss grad har snudd frå total mangel på prioritering av E134 i mange år, og trur sterke protestar frå båe sider av fjellet i 2005 er årsaka. Då ville Vegvesenet stenge tunellane på Haukelifjell for vogntog fordi dei var for låge. Det kom då eit tosidig, unisont krav frå både aust og vest: De må gjera tunellane høgare, og starte utgreiing av nye tunellar.

– Det verka urealistisk å få til, sidan Vegvesenet ikkje hadde prioritert E134 på mange år. Så snudde det, og no er det på gang prosjekt og planar for heile strekninga. Men det går ikkje så fort, då, seier Vinje.

Nye tunellar over Haukelifjell er nemnt i Nasjonal transportplan (NTP), men ikkje med oppstart før i 2018. Det ynskjer både Vinje kommune og Haukelivegen AS å framskunde.

– Me meiner ein utbetra E134 er det utvilsamt beste alternativet til hovudkorridor mellom aust og vest. Blir det lagt opp til to hovudvegar, er det heller ikkje tvil om at E134 må bli ein av dei, seier Arne Vinje.

Lang tunell sikrar vintervegen
I planane som Stortinget har godkjent og tatt inn i Nasjonal transportplan, er det to nye, lengre tunellar på 12 kilometer kvar som er føreslege. Det vil gje såkalla «2/3 vintertryggleik» – altså to tredelar mindre kolonnekøyring og stengingar enn i dag.

Organisasjonen Vegforum Aust-Vest (tidlegare Haukeliveiens venner) har lenge arbeidd for 24 kilometer lang tunell som vil gje vintersikker veg. Ei slik lengde vil krevje at tunellen må ha to løp – eit svært fordyrande element, ifylgje Skårdal.

Haukelivegen AS har greidd ut eit tredje alternativ, som er tre tunellar mellom Liamyrane og Vågslid, bundne saman med to overbygg der det er rømningsveg ut i friluft. Dette vil koste ein milliard meir enn alternativet med to tunellar som no ligg føre, men Analyse&Strategi har rekna ut at byggekostnadene vil gå opp i opp med samfunnsnytten i båe tilfella. Skilnaden blir då at Haukelivegen AS sitt alternativ blir 100 prosent vintersikker, noko dagens plan altså ikkje legg opp til. Stigninga blir noko større enn med ein 24 kilometers tunell, men likevel mindre enn framlegget om to tunellar.

– Dessutan vil denne løysinga ikkje koma i konflikt med dei freda strekningane på Haukelifjell, seier Børge Skårdal i Haukelivegen AS.

Han understrekar også at den førre regjeringa sa ja til nye tunellar over Haukeli og tok det inn i NTP – sjølv om det på det tidspunktet var rekna ut til å ikkje vera lønsamt.

– Når det no viser seg at det er lønsamt likevel, har me god tru på at den nye regjeringa også vil vera veldig interesserte i å få gjennomført utbygginga, seier Skårdal.

Analysen som no ligg føre vil vera ein del av forarbeidet til neste rullering av NTP.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!