Gull og perler i vikinggrava

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka har arkeologane frå Universitetsmuseet i Bergen vore i full aktivitet på Spurkeland vikinggard. Fire arkeologar og ein konservator har vore på plassen for å grava ut vikinggrava som vart oppdaga førre veke.

Torsdag fann arkeologane den andre skålspenna i vikinggraven på Seim. Nærare undersøkingar viser at skålspennene er gullforgylte.

– Vi har funne deler av begge skålspennene. I tillegg har vi tatt ein del bronsegjenstandar opp i preparat, ein av desse likna faktisk på endå ei skålspenne. Det vil då seia at det var to sett spenner i grava, men det kan også vera ei anna type bronsespenne, seier arkeolog Søren Diinhoff.

LES OGSÅ: Fann skålspenne frå vikingtida på Seim

I tillegg har dei funne ei handfull kostbare perler i grava, mellom 25 og 30 perler så langt.

– Dette er ikkje billigperler, dette var kostbare greier på den tida, fortel Kjenes. Diinhoff har stadfesta at perlene stammer frå både Byzantin og andre stader rundt Svartehavet, og så langt aust som frå Iran.

– Det kan ein slå fast ut frå fargen og kvaliteten på perlene, seier Kjenes.

I øvre samfunnssjikt

– Dei norskproduserte perlene frå denne tida var av ein heilt annan kvalitet. Perlesamansetninga og kvaliteten seier noko om rangen denne dama hadde, det er ei rik dame som ligg her. Ho har høyrt til i dei fem øvste prosenten i samfunnssjiktet, seier Kjenes.

– For meg er det spennande å tenka på at denne dama kan ha sett og møtt Håkon den Gode, som vi har teke utgangspunkt i her på vikingarden, seier Kjenes oppglødd. Han gjer seg mange tankar om kven dei var dei som budde på garden.

– Dei har drive ein god gard, det må dei ha gjort, ut frå dei rike funna. Mannen har kanskje vore viking, eller dei kom frå ein rik familie. Eg skulle gjerne funne ein runestein med eit namn på, seier Kjenes optimistisk.

LES OGSÅ: – Vikingar er superpop

– Det blir i alle fall veldig spennande å sjå om vi kan få ein meir presis datering av funnet.

Foto: Morten Sæle

Uhyre sjeldan

– Å finna så bevarte stoffrestar frå vikingtida er uhyre sjeldan, det er grunnen til at vi har ein konservator med oss ut i felt, forklarar feltleiar Ingebjørg Njøs Storvik. Feltet der dei har utgravinga er delt inn i ruter på 1×1 meter, og kvart funn vert nøye registrert slik at ein kan lesa samanhengar ut frå kor dei ulike gjenstandane vert funne.

– Dette er absolutt eit av dei gøyare funna eg har vore på, det er ikkje kvar dag ein får vera med på denne typen utgraving, vikinggraver er det ikkje så ofte ein får grave i, seier Storvik. for å sikra at ein ikkje overser noko vert kvar einaste bøtte med jord solda gjennom eit finmaska nett som fangar opp dei minste funna. Spesielt dei verdifulle tøyrestane kan vera vanskeleg å sjå i jorda.

Gjort mange funn

I tillegg til skålspennene og perlene er det gjort ei rekkje andre funn i grava. Eit vevlodd og eit spinnehjul av stein til ei handvev er grave fram, og ein jernkniv. Det vart og funne masse små jern-naglar liggande i eit mønster som kan tyda på at vedkommande vart gravlagt saman med eit treskrin.

– Dette er grunnen til at vi går så grundig til verks med registrering. Mykje av historia og verdien i funnet ligg i kor tinga ligg i høve til kvarandre, fortel feltassistent Kathrine Stene. Om nokon kjem over ein tilfeldig gjenstand og fjernar denne frå samanhengen kan altså mykje av den historiske verdien i funnet bli forringa, og viktig informasjon vera tapt for alltid.

Ole Kristian Kjenes og kona Silje Veland Kjenes som driv garden er stort sett til stades og tek del i arbeidet. Fleire andre frivillige er med og hjelper til med mellom anna å vaska ut jorda i soldinga.

LES SAKA I NORDHORDLAND!

UNIKT: Det unike med funnet av denne skålspenna på Seim er funnet av bevarte tekstilrestar, som ein kan sjå øverst til høgre i biletet. Foto: Privat