Krev at Noreg tek imot fleire syrarar

Sentrumsungdomspartia står samla i kravet om at Noreg må ta imot 5.000 flyktningar frå Syria.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samla front mot regjeringa

Det er første gong på tolv år at sentrumsungdomspartia står samla mot regjeringa.

Unge Venstre, KrFU og Senterungdommen er opprørt over at cirka 9 millionar syrarar er drivne på flukt. Meir enn 2,8 millionar av dei er flyktningar utanfor Syria. Noreg har sagt ja til å ta imot 1.000 av dei. Regjeringa må gi kommunane nok ressursar slik at Noreg kan ta imot 5.000 flyktningar, meiner dei tre partia.

LES OGSÅ: Opprørt over Syria-nei

– Det som kjenneteiknar sentrumspartia er ein solidaritet som strekkjer seg lengre enn svenskegrensa. Til forskjell frå både Ap og partia til høgre for oss, som har ein grunnleggjande skepsis til asyl og flyktningspørsmål, er vi prega av ein kompromisslaus solidaritetstanke, seier KrFU-leiar Emil André Erstad til Dagsavisen.

Senterungdomleiar Erling Laugsand seier det er første gong på tolv år at dei tre ungdomspartia i sentrum står samla om ei sak. Kollegaen i Unge Venstre, Tord Hustveit, trur den felles fronten med dei tre partia berre er starten. Han meiner at sentrumspartia i framtida vil kunne finne saman også i saker om klima, miljø, asyl og innvandring.

LES OGSÅ: – Lett å ta skylappar på