Her skal 16-åringane få stemma
20 kommunar får delta i forsøk med nedsett stemmerettsalder ved kommunestyrevalet i 2015. Ti nye kommunar er med i forsøket.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
16-åringar får stemma her
Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har vald ut ti nye kommunar som vil delta i forsøket med nedsett stemmerettsalder. 124 kommunar søkte om å delta (sjå faktaboks!)
– Regjeringa gjennomfører eit nytt forsøk med nedsett stemmerettsalder for å få røynsler frå fleire val og fleire kommunar. Me vil blant vite om valdeltakinga blant 16- og 17-åringane som stemte i 2011, blir høgare i 2015 når me samanliknar med ungdomar som ikkje deltok i forsøket. Dette vil gi betre kunnskap om langsiktige effektar av nedsett stemmerettsalder, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.
LES OGSÅ:– Regjeringa skuffar om stemmerett
Høgare valdeltaking
Forsøket er ei oppfølging av forsøket med nedsett stemmerettsalder som blei gjennomført i 20 kommunar under kommunevalet i 2011.
Evalueringen av forsøk i 2011 viste store variasjonar i valdeltakinga blant ungdomane i kommunane som deltok. Valdeltakinga blant 16- og 17-åringane var høgare samanlikna med 18- og 19-åringane, som òg var førstegangsveljarar. Det blei vald inn fleire unge kandidatar i forsøkskommunane enn i kommunane utan forsøk. Samstundes er det lite som tyder på at forsøket førde til at 16- og 17-åringane blei meir politisk modne.
Longyearbyen lokalstyre har søkt Justisdepartementet om å drive forsøk med nedsett stemmerettsalder. Justisdepartementet har denne søknaden til handsaming.
LES OGSÅ:Er grensa på 18 år katastrofal?
Faktaboks
Nye kommunar med stemmerett for 16- og 17-åringar:
Oppegård
Gausdal
Gol
Horten
Lillesand
Hå
Kristiansund
Klæbu
Målselv
Vadsø
I tillegg vil kommunane Marker, Hamar, Porsgrunn, Mandal, Stavanger, Austevoll, Luster, Namdalseid, Tysfjord, og Kautokeino delta. Desse kommunane deltok òg under forsøket ved valet i 2011.