Kontorplass kostar 14 milliardar

Det vil kosta 14 milliardar kroner å byggja kontorplassar til alle lærarane i Noreg, viser nye utrekningar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kontorplass kostar 14 mrd.

Om lag halvparten av lærarane i KS-området manglar tilfredsstillande kontorplass. Firmaet Bygganalyse AS har på oppdrag for Utdanning rekna ut kva det vil kosta å byggja 40.000 nye kontorplassar, og har kome fram til at renningen vil koma på cirka 14 milliardar kroner, skriv Utdanningsnytt.

– Kalkylen viser eit grovt overslag på kva det vil kosta kommunar rundt om i landet å etablera tilfredsstillande kontorplassar til lærarar som manglar kontorplass i samband med lengre bunden tid på skulen, seier byggingeniør Mats Ahlbäck som har utarbeidd analysen.

I avtalen mellom KS og Utdanningsforbundet låg eit krav om at arbeidsrommet til lærarane måtte vera tilfredsstillande før rektor kunne påleggja lærarane å vera på arbeidsplassen etter undervisninga.

– I lovverket står det at kontorplassar skal vera tilfredsstillande, det gjeld både storleik, ventilasjon, støyskjerming, rømmingsveg og liknande, seier rådgjevar Grete Tjærandsen hos Arbeidstilsynet.

– Alle oppgraderingsbehov i kommunesektoren må finansierast av kommunane, seier direktør for interessepolitikk i KS, Helge Eide. (©NPK)