Han kjøpte seg fri

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bernie Ecclestone er sjefen for Formel 1, og er – kort sagt – steinrik. Nyleg vart han tiltalt for korrupsjon i Tyskland, og det ville han ikkje ha noko av. Så han kjøpte seg like godt fri frå tiltalene, skriv blant andre The Verge.

Heilt sant. Den tyske retten godtok eit forlikstilbod på snaue 100 millionar dollar – rundt 600 millionar kroner. No er saka avslutta.

LES OGSÅ: Kven eig denne sjølvien?

– No skal eg ta meg av Formel 1

– Farvel, no skal eg ta meg av Formel 1, sa Ecclestone til nyheitsbyrået AP på veg ut av retten i München, ifølgje Dagens Næringsliv.

Dei skriv og at Oljefondet har investert i Delta Topco, som er medeigar i Formel 1-gruppa.

LES OGSÅ: Studentar vil bu i kollektiv

TV-rettar

Tiltalen mot Ecclestone gjekk på korrupsjon, og meir spesifikt at Ecclestone betalte bankdirektøren Gerhard Gribkowsky i Bayerische Landesbank over 260 millionar kroner for å gi TV-rettane for Formel 1 til britiske CVC, slik at Ecclestone kunne behalda jobben. Det skriv og Dagens Næringsliv.

LES OGSÅ: Slik får du ein nynorsk Øyafestival